Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 14. august 2008

Store Skagastølstind

Ein fager seinsommarkveld på Skogadalsbøen i Jotunheimen gjekk det opp for meg at det finst to typar fjellvandrarar; dei som har vore på Storen - og dei som ikkje har vore det. Store Skagastølstind (2405 moh.) er Noregs tredje høgste fjelltopp, og den høgste som krev klatring. Toppen ligg i Hurrungane, sørvest i Jotunheimen. Engelskmannen William Cecil Slingsby vart i 1876 fyrstemann opp. Sjølv har eg rett og slett drøymt om denne toppturen sidan eg sat på toget frå Oslo til Voss i 1998 saman med ei som då var lækjarstudent – og som skulle klatre Storen den same septembermånaden. Ho var på veg til Finse for turgåing, trening og overnatting i telt. Ho talte i levande bilete om turen frå Turtagrø til toppen som ho rett nok førebels berre hadde lese om og studert på kartet saman med gode klatrevener.

Eg hugsar godt ho forklarde at rutene som er hyppigast nytta ikkje er vanskelege, æh, reint klatreteknisk, men at ein må bu seg på å bli eksponert for stor høgde og luftige passasjar. Det same seier alle andre eg kjenner som har vore opp òg, og det byrjar bli irriterande mange! Sjølv las eg i farsdagsboka som eg fekk i fjor, Norges fjelltopper over 2000 meter, at ein må starte tidleg på morgonen frå Turtagrø fordi ein må pårekne ein del venting både på opp– og nedturen. Mange har som målsetjing å stige opp dei om lag 1600 høgdemeterane no i august og tidleg i september. Det er no snøsmeltinga er komen lengst, og det er truleg ikkje lenge til det på ny kjem nattefrost og is på svaa oppover. Timinga er altså ideell.

Turen startar frå Turtagrø og går inn Skagadalen opp til steinhytta på Bandet. Fyrste etappen greier me greitt under tre timar, men herifrå vert terrenget straks brattare. Det er fare for steinsprang særleg fyrste delen, og fleire passasjar krev lettare klyving opp til det kjende Hjørnet. Frå Svaet sikrar ein fylgjet med tau. Hjørnet er elles fyrste verkeleg luftige platå. Neste passasje er Galleriet som fører oss vidare opp til ei ny hylle. Frå Galleriet har turen to alternative ruter; Vigdals Sva og Heftyes Renne. Her er det om lag ti-femten bratte høgdemeter opp det som i boka vert definert som 3.-4.-gradsklatring. Når denne parsellen er unnagjort, er siste resten til toppvarden grei. Utfordringa på returen er ein 40-metersrappell nordvest for ruta me brukar på vegen opp. Rappellen tek oss nedatt til like ved Hjørnet. Nedturen til Turtagrø er elles den same som ruta opp.

Fort å vere kjepphøg, ovanpå, tøff og cool når ein sit i go’sofaen i den sørvende loftsstova – med flott fjordutsikt mot Feios, Fresvik og Vidasethovden på sørsida av Sognefjorden (skimtar me Rambera òg, tru?) – og skriv på bloggen sin. Kan hende er likevel hovudutfordringa høgda og den mentale øvinga som ligg i å forsere smale galleri og klyve 600 meter over Slingsbybreen?

Kjekt å reise fire personar – førebels er me berre to. Kven vert med, og kven har gode råd til ekspedisjonen? To alternative datoar peikar seg ut; 30.08. eller 06.09. Bruk kommentarfeltet eller send ein e-post til oigjerald@gmail.com. Klar for årets luftigaste fjelltur?http://www.youtube.com/watch?v=kQm81XyzQfE

3 kommentarer:

  1. Dette tør jeg ikke!
    Dessuten skal jeg kanksje løpe Nuken Over 6. september, trenger ei gjennomkjøring før Birkebeinerløpet.....

    SvarSlett
  2. Så vart det plutseleg eit skremande alvor over tilnærminga til TUREN over alle turar. Eg høyrer ikkje lenger "Fy flate, det hadde vore rått å kome seg på Storen!", men "No er vi ein gjeng på 7 som skal opp på Storen"! Omgrepet "ekspedisjon" er, så vidt eg veit, kun brukt av kommentatorar på naturprogramma på NRK og TV2, heime i stova vår. Husbonden er så oppglødd om dagen at eg får nerver. Norgesguide?!(Han må ha for mykje fritid... Men kvifor er det eg som malar muren, vaskar vindauga og kokar saft av 70 liter kirsebær?!) Alle mine utsegn om fridom i ekteskapet og høve til eigenpleie, smakar plutseleg beiskt. Er det i slike høve ektefellen har lov til å seie "Dette får du ikkje lov til"?! PS! Kven har vetorett?

    Kjære Ole Inge! Eg meiner at ein slik ekspedisjon medfører for stor risiko. Du høyrer heldigvis på meg, og vi tek turen i lag opp til "Hytta på Bandet" og joggar roleg ned att. Du veit sjølvsagt at eg er heilt hinsides glad i deg og at du betyr alt for meg :)

    SvarSlett
  3. "40-metersrappell" kling verkeleg ikkje bra! Freista å krabba meg ut på Kjeragbolten tidlegare i sommar, men kom ikkje frå det med æra skikkeleg i behald. Trur nok Hovudredningssentralen hadde fått seg ein desperat telefon om eg hadde prøvd meg på Storen...

    SvarSlett