Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

fredag 8. august 2008

Frå sidelina…

Det let ikkje vente lenge på seg. Kjende og ukjende systrendingar, ja indresogningar, kjem bort for å gratulere. Med triumfen. Den fyrste i Syril si soge! Korleis desse samtalane går? Praten med ein vaskekte Syril-veteran på bui hin dagen illustrerer. –Gratulerer, dette var kjempemoro! –Jau, æh, klart det var utruleg kjekt; både for gutane sjølve og for alle oss rundt laget... –Ja, hina deg, men kva har de eigenleg gjort for å lukkast, kva er oppskrifta? –Tja, det kan du sanneleg spørje om, dei er jo flinke å trene… –Hadde de eigenleg forventa å lukkast så bra, då? –Nja, eg var jo viss på at me hadde eit godt 7-arlag i Norway Cup i år, hadde trua, men eh, forventa, nei, ikkje sjølve sigeren iallfall… –Korleis kjendest det når fløyta gjekk og finalen var over – og: då gutane lyfte den store sylvpokalen? –Nei, det kan vel knapt beskrivast med ord, og eg får ei kjensle av korleis Sir Alex truleg kjende det i Moskva i mai, hehe! Vert ratt tjukk i røysta berre av å tenkje på det…

Så er det likevel ikkje så lett med sigersintervju. Og så eg som mange gonger har ergra meg over ’tomme’ fraser frå Petter Northug, Marit Bjørgen og Martin Andresen. Kafaan, må jo beint samanlikne meg med dei nett no, vel?

Litt lettare er det i lunsjen når dei som verkeleg ikkje veit mykje om fotball, men som er nyfikne etter store overskrifter, spør. Då kan eg lene meg på empiri. –Norway Cup vart arrangert for 36. gong frå 27. juli til 2. august. –Syril sine '94-gutar stilte lag, og eg er trenar. –I løpet av veka møttest 30.000 deltakarar frå om lag 50 nasjonar til 4000 kampar i det som er verdas største fotballturnering. –I år var det ny rekord med over 1500 påmelde lag – og i klassen G94 var rundt 70 av desse! –Me spelte åtte kampar, tre i gruppespelet og fem i A-sluttspelet; og gutane vann alle, gitt. Slikt.

To av laga Syril-gutane møtte var utanlandske, og særleg finalen mot Paces Palestine G94 vart ei utruleg fin oppleving på tvers av kulturelle skiljeliner og språklege barrierar. Nærast ei forbrødring med felles fotografering, briljering på sognaengelsk, no problem, utveksling av palestinaskjerf og gåver - og avtalar om å treffast att til neste år. Knallmoro – og fair play på alle, alle vis! I tillegg til trenarar og lagleiar var det mange foreldre, vener og ikkje minst småsysken som stod på sidelina under finalen. Alle medverka til god stemning før, under og etter kampen. Vetlebror i heimen ivrigast, og fleire av oss prøvde seg etterkvart som frivillige linedommarar, ja, jamvel som frivillige hovuddommarar, jf. Tv2-innslag frå finalen, arrrghh…

Media har stor interesse av Norway Cup. 750 journalistar, fotografar og TV-medarbeidarar frå heile verda er akkrediterte. Vår favoritt under Norway Cup i år var, i tillegg til Sogn Avis, Tv2-sendingane. Særleg finalesendinga der Syril-gutar (i alle aldrar, høhøhø) hamna på teip, slo an. Her har me henta ein passasje frå sekunda etter at finalesigeren var i hamn. Verd å ta med seg: Tv2-reportaren: –Anders, to mål i en Norway Cup-finale, hvordan føles det? Anders: –Da gaorkje an å beskriva ein gong, fy f…, åååh! Tv2-reportaren: –Akkurat nå, hva husker du av scoringene dine? Anders: –Ikkje so mykje, dei var berre j… viktige! –Fy f…! Eivind: –Ja, altso, me frykta dette laget på forhånd, for me høyrde dei var veldig gode, så me bestemte oss for å legga ut i eit hardt press – og da lukkast!!! Anders: –Ja, denne kampen var ein bonus for oss, og me skulle gå ut der i dag og vise kva me kunne. Me er best!
http://webtv.tv2.no//webtv/?progId=255608

Utrulege dagar ilag med 10 supre systrondgutar er over. Takker for innsatsen til alle som var med, og for opplevinga de gav oss. Som eg avslutta på bui hin dagen:
–Me fekk da jo pinadø te, me, karar!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer til SYRIL-gutane med kjempeflott innsats - og for ein glitrande innsats frå sidelina frå trenarane! Såg dykk på Tv2 òg, ja, hohoho... I ungdomen var eg tilskodar på Norway Cup, og eg hugsar alle dei flotte utanlandske laga. Korleis er det no? Det er vel framleis brasilianarane som verkeleg syner seg fram med gode haldningar, dans og samba - og fin teknikk? Talast!

    SvarSlett
  2. Takk for hyggjeleg kommentar, du! Ja, særleg i fjor hadde me tid til å vandre rundt på Ekebergsletta for å suge til oss inntrykk frå heile turneringa (litt meir travel på sletta i år, gitt...). La særleg merke til det brasilianske laget Pequeninos frå Sao Paulo. Dei deltok på Norway Cup for fyrste gong allereie i ’79. Laget kjem frå slumstroka i den brasilianske byen. Dette vart starten på det som vert kalla den fargerike fellesskapen på Norway Cup. Denne fellesskapen er viktig å oppleve og kjenne på den veka turneringa varer. Det handlar litt om verdiar og å skape eit kulturelt vidsyn for ivrige, men bleike, systrendingar på ambisiøs fotballtur. Når det gjeld dans og samba, trur eg sanneleg Syril òg hevda seg temmeleg bra under finalen! Talast, ja.

    SvarSlett