Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 15. september 2008

R.E.M i Bergen, tur/retur

Accelerate. Hastar frå kontoret om lag kl. 14. Rekk eg vere i Bergen i høveleg tid? Heimom for å hente varm jakke, just in case. Varierande meldingar, må vite. Overføre pengar frå felles sparekontor, òg just in case. Log on nettbank, log off. I bilen med brødskive i handa. Hjelpsam kone plasserer stor kaffiavtalekopp mellom setane. –Ah, nytrakta, den trengde eg, takker! –Arrgh, billett framleis på white-board-tavla i kjøkenet… –Hentar han, eg! Den hjelpsame inn att. –Hm, var det no noko meir, tru? –7 R.E.M-plater i hanskerommet skulle vel halde som reiselag?
---
Drive. Av garde. Ferja innanfor rekkevidde, så vidt. Vegarbeid? Flaks der; nett opna. Kaffistogg i fager heimbygd. Raskt vidare. Jepp, ledig plass i parkeringshus nr. 2 på Bryggen (etter å ha sirkla litt rundt). Teksting og avtalemekking. Endeleg klar for Koengen og R.E.M-konsert etter fin, hektisk køyretur.
---
You’re in the air. Endeleg innanfor, og ein herleg ro i skrotten. Kjekt å sjå vener og kjende. Bandet entrar scena. R.E.M auser snart av godbitar frå plater med meir enn tjuefem års mellomrom. Ei tett og tøff framføring, god klang i koringa, høg tenning hjå vokalisten – og eit kult videoshow på storskjerm innspelt undervegs. Låtar me ventar på kjem. What's the frequency, Kenneth? set punktum for ein rocka og kul fyrstedel. Nydelege Drive tek over – og eg tenkjer nesten at kvelden aldri må ta slutt. Ein bit seg i tunga for å vere viss på at det er nett no dette skjer. I’m here now! Ignoreland, Hollow man, The great beyond, Imitation of life – og før bandet dreg i gang Electrolite, låten med den særskilt gode og eh, dansbare rytmen, forlangar vokalist Michael Stipe lysande mobiltelefonar i vèret! Seinare The one I love, I’ve been high og Let me in. Vakkert og tøft om einannan. Koengen eignar seg verkeleg som konsertarena!
---
Leave. Før R.E.M forlet scena og Bergen for denne gong, er det tid for extras. Supernatural Superserious frå siste plata og the forever classic Losing My Religion kjem etter oppskrifta. Det vert nesten ratt for mykje når Mike Mills on piano toppar ein herleg kveld i bergensk haustsol med Beatles-inspirerte At my most beautiful frå 1998. Hadde ikkje trudd han skulle kome der under ekstranumra, neimen. Overraska og nøgd.
http://www.youtube.com/watch?v=IGpbsSQHluA
---
Departure. Fort å tenkje at dette godt kunne ha halde på ein halvtime til... Men ok; ut av transeliknande konsertrus. Hand-i-hand og tre på rekke mellom tjuetusen. Burger og triveleg, engasjert!, gjennomgang av låtar & lyd. Samanlikning med setlista frå Oslo-konserten kvelden før. Flaks at Up-plata var blant dei i hanskerommet, for då vert det gjenhøyr med Beatles-inspirert ballade og mange andre i sein biltur heimover. Sovestogg i heimbygda? Nei, vaken og high on life no. Køyrer like godt heim, eg. Då vinn eg heil arbeidsdag i morgon òg, må vite.
---
I don't sleep, I dream. Fjorten timar etter at eg forlot kontoret er det tid for soving. Om me har tilgang til kulturtilbod? Me som bur i Sogn? Alt me vil. No problem!

2 kommentarer:

  1. Å du og du. No angrar eg sjølvsagt på at eg ikkje tok turen sjølv. Men eg var på Neil Young veka før.
    Tøft det og. Jekla tøft faktisk. So tøft at eg no har gått i flanellskjorter ei stund.
    Ellers så likte eg godt turbeskrivelsen. Ha, eg fekk slike gode minner frå den gongen, eg trur det var i 1981, eg og ein kamerat for over Vikafjellet på ein gamal kawa z400.
    Du veit, De Press skulle spele på Voss. Tenk det du ! På Voss.
    Men altso, det var den beste konserten eg nokon gong har vore på. Andrej Nebb og karane sette standarden den kvelden og rocken har aldri vore den same etter.
    Høyr berre her:
    http://www.youtube.com/watch?v=vtVra80c5vE

    SvarSlett
  2. Takker for lenkje, fs, heilt rått! Ein kompis, Terje, har ei liknande konsertoppleving på Voss, gitt. Han slapp å reise, for han er vaskekte vesse sjølv. Han var medlem i rockeklubben på Voss, og medverka på arrangørsida då Wannskrækk i 1983 (eller muligens '84) spelte på Hotel Jarl. Rykta fortel at bassist Persi Iveland og gitarist (og hjerne!) Kjartan Kristiansen spelte heile kvelden på tåballane - og det var fleire år før DumDumboys (som dei vart heitande frå 1985-86) gav ut golåta 'Tusen etasjer høi' (Pstereo, 1990). Kom brått på ein av dei tøffaste låtane med DumDum her no, eg; 'Jeg røyker sigaretter i tåken, og lurer på om du ligger våken. Flakser gjennom byen i spøkelsestimen. Du henter meg uten å løfte en finger. Tent og villig offer, åhhh, jeg lærer fort. Det går ikke over, se hva du har gjort...'. Kan du han? Talast!

    SvarSlett