Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 25. september 2008

71° Nord: Bergans-, Bavac- og bygdereklame

–Nesten alltid like tungt i starten, tykkjer eg. Ikkje verd å speede farten opp på meir enn 10 km/t fyrste fem. Velmeinande råd til treningskollega i NTNUi-trøye. Økta i gang, tidsinnstilt på 25 minuttar. Etter å ha bala fælt i årevis, har eg endeleg lært meg å like oppvarming på tredemølle. Noko skjer liksom med balansen når ein stig av, har eg merka. Litt same kjensla som etter eh, fjerde turen i ThunderCoasteren i Tusenfryd… Men seine, bekmørke haustkveldar på jobbreise er eg takksam for å ha eit treningssenter vegg-i-vegg med husværet. –Det blir jo my' sitting med penn’ i eine hånda og kaffekoppen i den andre slike kursdaga, liksom understrekar kollegaen. Som for å overtyde seg sjølv om at pinsla på mølla er naudsynt. Fem minuttar alt passert, og tankane flyr. Om sein september, og dei gode, mørke haustkveldane som er i emning. Tid for seine treningsturar, gjerne i piskande regnvèr og med hovudlykt. Jau, hakket kjekkare, det. Og så er me heldige som bur i ei gate! For det å gå siste hundremeteren av treningsturen og ha dei lune rekkjehusa i gata, som liksom vaktar litt over ein, i sidesynet, gjev tryggleik og ei fin kjensle av tilhøyrsle. Snart fyre i omnen, og sitje med pc-en i loftstova og høyre knitrande lyd frå peisen i etasjen under etter ei blaut treningsøkt. Rart, dette, for desse innleiande setningane må liksom tenkjast LIKT kvart år for at eg skal greie gle meg skikkeleg over at seinsommaren glir over i haust. Talet til venstre på den lysande tavla syner at oppvarminga rundar ti, og det slær meg at spytting og snyting og harking og hosting ikkje fungerer på same måten under løpetur på mølle. Inne...

Då skjer det; eg kjem på at eg har gått glipp av realityseriEN denne veka. For lengst kjekkare enn all verdas barne-tv, tykkjer nokon, langt kjekkare enn arrghh, gullrekkja på fredagskveldane, meiner andre – og jamvel kulare enn Senkveld på Tv2, vedgår eldstesonen: Reklamehardstappa 71° Nord med programleiar Tom Stiansen. Serien samlar heile huslyden framføre tv-skjermen dei måndagskveldane me har tid. Det vil seie; dei tre fyrste episodane såg me på web-tv. Nesten samanhengjande førre helg. Og TvNorge si storsatsing skuffar ikkje. For tiande året kan sjåarane fylgje ei gruppe innbitne deltakarar som skal freiste å fullføre eit kappløp frå Lindesnes til Nordkapp. Føremonen med web-tv er elles at ein kan sjå episoden utan reklameinnslag. Eh, øh, som om ikkje episoden i seg sjølv er ein einaste lang reklamepause, då… Åtteåringen oppdaga serien i fjor, og nemnde det alt ved frukosten hin dagen. –To dagar att no, til den der fjerde episoden, de veit!

Passerer atten minuttar og uvant treningstemperatur gjer seg gjeldande. Knottar farten opp på 12, 5 km/t. Sveitten renn. No viktig å konse skikkeleg på steget. Innimellom padlekappløp, kiting (alpinski og paraglider), rollerblades, klyving og klatring og allslags halsbrekkande øvingar der deltakarane gjerne hamnar i iskaldt vatn, får me morosame deltakarportrett og castingintervju. Rita (38) kjem frå Bergen, er arkitekt, gift og har to born. I fyrste episoden vart ho trekt ut til å konkurrere på gutelaget, og dama er så sympatisk og flink at huslyden unisont har sansen. Per Kristen (53) kjem frå Hakadal nord for Oslo, er sambuar og har to born. Lærar i vidaregåande, flink til å motivere dei andre – og i uforskamma god form. Mali (21) kjem frå Kongsberg, bur i Trondheim, er psykologistudent, singel, og merk; har 12 NM gull i orientering. Tek andre sin sekk når det knip. Tolv er også talet på deltakarane. Tøffe typar, javel, men pinadø ikkje verre enn at ein gjerne tenkjer det hadde vore kjekt å delteke sjølv òg, hehe. Favoritten i heimen så langt er vel utvilsamt Trym (34) frå Kirkenes. Trym bur for tida i Oslo, er salssjef og ugift. På spørsmålet om kvifor nett han kjem til å vinne 71º nord, svarar han; –Det e bare æ som e han Trym!

Eldstesonen har orientert meg om at deltakarane, inndelte i tremannslag, måtte bere 100 kg. sandsekkar mot Skålatårnet måndag. Programleiar Tom S. er alt sitert: –Dette er såpass hardt, så jeg har ordna det slik at alle skal få dusje etterpå! Ni dagar utan dusj har tydelegvis vore tema i heimen under episoden, og eg ana medkjensle i røysta til sonen. Tjuetre minuttar. Nedteljinga startar. Hm, men kven tenar eigenleg på dette programmet? Eg tek meg i å undre litt over saka. Jo, Bergans og Bavac nyttar serien som utstillingsvindauge for alt me ynskjer oss til jol. Kven andre? Eg kjem på ein til: Sogn og Fjordane! To spektakulære episodar frå kjende stader i fjordfylket er unnagjort. Glitrande innslag frå Tyinområdet, Årdalsfjella og vakre Jostedalsbreen – og sist fagre Stryn, Loen, Hotel Alexandra og Skåla. Kule tv-bilete kombinert med sunne, kule og risky aktivitetar. Og sørvisinnstilte innvånarar over alt. Reinspikka reklame for fylket, det, og med eit sjåartal på ein halv mill.! Og det hadde no berre trekt grusomt ned om serien skulle ha plaga oss med å informere om at me mange stader har full barnehagedekking og at me jamvel har høgt utdanningsnivå. Dette er ein arena for å vise heilt andre sider. That's it.

Dei tilmålte 25 på tredemølla tek slutt. Treningskollegaen gav seg etter tjue, og då knotta eg farten opp i 14 km/t. Bråsterkapparat, romaskin, situpsbenk og gudane veit kva, men det får eg fortelje om ein annan gong. Kollegaen ser det same som meg i det me gjev oss i kast med andre situpsrunden. –Æ har betterdø litt problema me å forstå koffor nån sminke sæ før'em kjem hit, ja! Og høyr; om nokon finn ein lur nettstad som røpar kven som vinn 71° Nord til slutt (merk; han gjekk jo føre seg på føresommaren!), så APPAPPAPP; ikkje ein knyst, ikkje ein lyd! Marsipangris til ho eller han som a) Kan sitere Trym sine velvalde ord då han endeleg kom i mål etter den beinharde kite-konkurransen, b) Greier GJETE kven som vinn til slutt (hugs; ikkje google!) og c) Finn ut at dei vil kjøpe Stranda-jakka frå Bergans til meg til jol. Huhei, heng på!
http://71nord.tvnorge.no/

2 kommentarer:

  1. Kjekk lesnad! Sette meg godt til rette og såg kveldens episode, ja. I dei lange og fryktelege reklamepausane (du har så klart rett i at webtv er best!) prøvde eg å google alt eg kunne for å få vite mest mogleg om årets utgåve av serien, sjølvsagt, men: eg ville jo ikkje ha røpt noko som helst om eg fann ut kven som vinn/vann! Eg fann tydelegvis berre ut det alle andre veit alt; nemleg at dei to yngste av årets deltakarar, Mali og Marius, vart kjærastar under turen mot Nordkapp. Så flott! Men det blir vel ikkje marsipangris for det? Eg trur Marius vinn heile greia, for han er både flink og godt likt! Om eg ikkje får rett, og andre heller ikkje tippar rett vinnar, synst eg du skal trekkje ut ein premie blant ALLE som deltek (haha)!

    SvarSlett
  2. Så rauk ein av favorittane i Henjahaugane 5 ut! Inge (30) frå Tromsø har vore ein berebjelke i samtlege av dei fysisk krevjande konkurransane, og jamen var han ein av to som greidde å memorere alle dei femten politikarane i rett rekkjefylgje sist måndag òg. Arrgh! Moralen er vel at slike sosiale karar, som i tillegg tenkjer meir på dei rundt seg enn seg sjølve, truleg ikkje er kyniske nok til å lukkast i slike realityspel…

    Las i tillegg, på nettet i går kveld, at han ikkje hadde nokon strategi i det heile, og at han gav så mange poeng til alle andre i gruppa som han kunne. Då ber det på trynet ut, ja, that's the rules of the game!

    Så langt ligg du godt an til eh, premie, Nemi, og det gjer eldstesonen òg kan eg love. Han refererer stadig til tøffe-Trym sine utrulege kommentarar under og etter kite-konkurransen. ’På en skala fra en til ti, kor irritert trur folk æ e nu?’ ’Æ e jo pessevåt, og!’ ’Jaaa, for faaan, men dåkker ane bare ikke kor myyye æ har kuuuka!’ ’Æ e gjennomvåt, har gått gjennom overvann, ja æ har logge med heile ræva full av vann, det har holdt på å tilte før mæ!’ ’Kor grinat æ va!’. Kjekt om han vert med ei stund til!

    SvarSlett