Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 6. september 2008

Store Skagastølstind, episode II

–Det handlar jo på ingen måte om dykk, slett ikkje, men frå mi side er det uaktuelt med ein høg sosial faktor når me treffest 04.15 i matsalen. Ok? Fjellførar Sverre frå Norgesguidene veit kva han talar om. Dette er (om lag) 15. turen hans på Storen sidan i slutten av juni, og truleg siste i år. Etter kunngjeringa av draumen om Store Skagastølstind har det vore kjekke planleggingsveker. Ein periode var me i alt åtte aktuelle deltakarar, og såleis fleire lag. Til slutt var det tre av oss som fekk det til å klaffe med topptur 02.09.08. Sverre altså nett ferdig med briefing, utlevering av isøks, tau, stegjarn og hjelm klokka 20.30. Me stiller kollektivt mobilen på vekking. Så er det tid for middag og dei siste telefonar før soving og eh, ekspedisjonsstart.

Etter ei god natt i køyesenga i Sveitservillaen frå 1888-89, og ein (likevel!) svært humørfylt frukost i matsalen frå 04.15-04.45, er det godt å kome i gang i høg marsjfart innover Skagadalen. Tolv sirleg pakka nisteskiver i sekken (etter regelen om ei per berekna time), saman med ekstra hue, ulltrøye, buff, hanskar og nemnde klatreutstyr. Abfahrt 05.04. Sverre i front, tett fylgd av Kari – med Gunnar og meg halsande like bak. Lett yr, blautt på stien og det bleike lyset frå Petzl-hovudlykta gjer at me akkurat ser nok til å treffe ’rett’ på steinar og tuer. Laget har lese seg opp på temaet Store Skagastølstind. Turen er krevjande, og det har vore ei rekkje uhell på veg både opp og ned mykje på grunn av laust fjell. Faren for at ein klatrar utløyser steinsprang er stor. Men mørkret, det lune yret og lyden av lette steg i fjellsko gjer at ei overtydande kjensle av tryggleik likevel har overtaket.

Aj, er farten for høg? Sverre veit ikkje kor gode/svake me er på klyve- og klatredelen, og vil ha marginar. Tindeklubbhytta passert. Me går vidare langs Heimste og Fremste Skagastølsvatnet (1370 moh.) etter merka sti, gjennom fleire morener og laget vert samde om å krysse nedste delen av Skagastølsbreen inst i dalen over eit nyleg nedkome steinras. På slutten vert det ei utfordring, fordi det renn overflatevatn og isen er i glattaste laget. Tau og øks må til, og me er straks ved hytta på Bandet (1758 moh.). Klokka er 07.20. –Nokre av drikkeflaskene vert att her ved Skagastølsbu, for dei er kjekke å finne når me kjem ned att. Sverre nøgd.

Frå Bandet lettar veret, og yret har gjeve seg. Eit lite solstreif lyser brått opp ein av dei nære toppane, og Store Dyrhaugstinden ser mektig ut der han liksom heng over oss. Utsikta er storslagen ned Midtmaradalen. Tåka løyser seg meir opp, og i brotstykke dukkar Storen fram. Sverre gjev ei kort innføring i ruta opp fyrste delen. Brattura er i gang, og me tek mange høgdemeter på snø. Skaftet på isøksa fungerer som stav. Den varsame trekken har turka fjellet, og fotfestet er godt. Me sikrar med tau over Svaa, og vekslar mellom klyving og klatring oppover til me når Hjørnet, som ligg på høgresida av toppen sett frå hytta på Bandet. –Skjønar jo kvifor fjellet vert kalla ein real grushaug, kjem det frå Gunnar i det han sklir nokre meter nedover. –Fort det kan kome steinsprang her med fleire taulag over kvarandre. –Jepp, Gunnar har skjønt det, konstaterer Sverre.

På Hjørnet gjer me oss klare til klatring, og Sverre gjer framlegg om Heftyes renne litt lenger oppe sidan det er så turt. Traversen over Galleria heng 600 meter over Slingsbybreen, men turen til neste standplass, like under Heftyes renne, går greitt. Renna byrjar litt oppe på veggen, og det er litt kinkig å kome seg opp til innsteget. –Me gjer som dei gjorde for hundre år sidan, me hjelper kvarandre, motiverer Sverre. Skoen til Kari kiler seg limfast nedst i renna, men eg greier å slå han laus der eg heng med høgrefoten på innsteget. Sverre siterer Thomas Heftye, som fyrst klatra renna, når alle er oppe: –Lett! Frå toppen av renna går det i lett klyving, og adrenalinet fossar. Og no lettar verkeleg alt av skyer og tåke rundt, eh, under oss.

Kl. 10.55 står me på toppen, 2405 moh., og det er brått heilt slutt på den svake trekken. Utsikta kjennest overveldande. Store Ringstinden, Austabotntindane, Soleiebotntind og Dyrhaugsryggen er nære oss. Hotellet på Turtagrø meir fjernt. –Hm, så var me halvveges, kjem det turt frå Sverre. Han har sett alt dette før, men tykkjer det er like stasleg å vere oppe kvar gong. Så kveilar han i hop taua, og førebur seg til å rettleie oss ned mot fyrste rappellpunktet. Etter ein solid mat- og tekstepause (ein sms frå toppen hadde eg lovd mange!) på om lag tjuefem minuttar (!), byrjar me klatringa nedover til standplass for rappell. Sverre skal styre farten på rappellen slik at me kan konsentrere oss om å vere ’tunge’ i selen, ha strake, ledige bein og å liggje godt bakover. Eg er sistemann ut, og kjenner at dagens makspuls truleg er nådd. Og han skuldast ikkje hard klatring! Det hjelper litt når eg høyrer Kari si røyst midtvegs nede i rappellhenget; –Men dette er jo bare gøy! Sjølv kjenner eg at eg helst vil sjå ned med berre eitt auge i det eg legg tyngda bakover, for eg er uviss på om eg vil ha den aller råaste høgdeeksponeringa skikkeleg festa på netthinna. Etter om lag 50 meter hengjande i tauet, står heile laget like ved Hjørnet att. –Litt letta, jau eg er jo det, men faan så moro det var! Etter bratt sti og lett klyving kjem snart rappell nr. to over Svaa.

Kulturhistorisk kunnskap er ikkje mangelvare hjå førar Sverre. På turen nedatt frå Bandet får me info om kvinner i klatremiljøet som hadde med rideskjørt for fotografen då dei var på Storen for hundre år sidan. Vidare høyrer me om Ola Jensen Berge som bygde hotell på Turtagrø i 1888, og som gjorde pengar på fjellføring. Då Ola hadde siste turen sin på Storen i 1926, hadde han meir enn 130 turar opp! Og om lag kl. 16 er me attende ved bilen på Turtagrø Hotell, 884 moh. Til saman har me teke 3042 høgdemeter denne dagen, noko venstrekneet ikkje treng overtydast ytterlegare om. Merkar det då eg reiser meg opp for å ta i mot 0,6l kaldt øl som vert langa over til meg på hotelltrappa. No heng tåka tungt rundt Storen att. –Høyr folkens; då eg sat og venta på at det skulle bli min tur til å rappellere frå fyrste punktet, kom eg til å tenkje på Tigergutt. Med seks års avstand mellom borna, har eg kjensla av å ha sett Ole Brumm-dvdane samanhengjande i 10-12 år. Spretne Tigergutt sin filosofi sit difor spikra; ’Det er egentlig ingen forskjell på å falle ut av senga og å falle ned frå toppen av treet. Den eneste forskjellen er klasket på slutten!’

4 kommentarer:

  1. Takk for ein flott tur, moro å lese om korleis du opplevde turen. No går det heldigvis mot mørkare og kaldare tider. Snart er det skiføre.

    God haust.

    SvarSlett
  2. Hei Ole Inge; Kjempefin turbeskrivelse; Jeg kjenner meg igjen. Nå, nøyaktig en uke etterpå sitter jeg fremdeles med den gode følelsen. Vi gjorde vel alle tre noe vi på forhånd ikke var sikre på om vi mestret, hverken fysisk eller mentalt. En fantastisk opplevlelse på mange plan, dette har stor verdi. Du er en kjempegod turkompis. Hva blir vårt neste mål? Elbrus? Kari

    SvarSlett
  3. Gratulerer, og velkommen etter!
    Eg var ikkje så høg i hatten som du var då eg for 6 år tilbake "besteig" Storen. MEn, no kan eg tenkje meg å gjere turen på nytt. Evt. til ein anna topp i dette fantastiske fjellområdet - Hurrungane.
    Eg kjørte forbi på søndag føremiddag på veg til doktorgradssamling på Stiklestad. Tinderekka låg bada i sol med ein knallblå himmel over. Eg håpa Geir ville komme raskt forbi bubilen framom slik at lidinga over ikkje å vandre innover i dette eventyrlandet kunne ta slutt. Men lidinga haldt fram når vi nærma oss Smørstabbreen og -tindane. For meg er det ikkje underleg med hellige fjell!
    eivind brendehaug

    SvarSlett
  4. Takker for kommentarar, folkens – og takk for turen til Kari, Sverre og Gunnar. Utmerkt reisefylgje på alle, alle vis! Og ja; liten tvil om at slike turar gjev meirsmak... Elbrus er jo eit aldeles glitrande forslag, hehe. Fjellet ligg i Kaukasus og har to toppar, den høgste, Elbrus Vest, er på 5642 moh. Sommaren 2010? Men; ligg fjellet eigenleg i Europa? Dagens vetle kviss!

    Velvel, så har eg alt sett meg ut Austtoppen på Styggedalstinden/-ryggen (2387 moh.) som ein aktuell topp til neste år. Utsikta me hadde mot Styggedals- og Skagastølsryggen då me var oppe sist tysdag verka eh, skummelt innbydande. Og ho tok eg inn med begge augene opne! Med?

    SvarSlett