Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 18. oktober 2008

Fornybar debatt?

Mange kritiserer satsinga på fornybar energi i statsbudsjettet. –Me hadde vona på eit lyft på to milliardar i friske midlar til forsking, utvikling og bruk av fornybar energi no, seier Bellona, for det har me høyrt har vore drøfta i regjeringa denne hausten. Vel, når mange så er vonbrotne over smular i budsjettframlegget, kjem det uventa hjelp frå verda rundt oss. For sjølvsagt; finanskrisa er jo ei ekte miljøbrekkstong!

Erik Solheim har halv stilling som miljøminister (halve tida nyttar han jo utanlands som bistandsminister, veit me). Han er kjapt ute og proklamerer høgrøysta at nedgang, jamvel krise, i den internasjonale økonomien vil redusere klimakrisa på kort sikt. Rett og slett fordi det då vert lågare industriell produksjon og mindre transportutslepp. –Krise fører til endring, nytenking og innovasjon, seier han, for det er nærast kapitalismens lov. Han legg til at finanskrisa difor kan nyttast til å leggje om til fornybar energi, som vindkraft og solenergi. Slik vil finanskrisa også kunne medføre ei sterkare miljøsatsing på lengre sikt. Intervjuet med deltidsstatsråden i Dagens Næringsliv vert sjølvsagt diskutert (og kritisert!) i lunsjen, klart det, men gjev likevel grunn til ein viss optimisme, merkar eg. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, liksom…

Sjølvsagt er eg framleis nyfiken på korleis statlege redningspakker fungerer rundt om i verda, og sjølvsagt ber me på ei von om at finanskrisa skal kome under kontroll. Men finanskrisa sine fylgjer for realøkonomien kan altså vere auka investeringar i fornybar energi og meir miljøretta strukturar. –Dei som lukkast med dette, blir dei mest konkurransedyktige i det lange løp, seier Solheim. Og peikar på at bilfabrikkar som held fram med å produsere store og bensinslukande bilar, som er avhengige av at me tømer kloden for fossile brennstoff, vert hardast råka av finanskrisa – og framtidige finanskriser. Fornybar energi og berekraftig teknologi vil løne seg i det lange løp.

Konsekvensane av finanskrisa er mange. Dagane går, og debatten snublar av garde. Bergens Tidende kommenterte fredag den italienske statsministeren, Silvio Berlusconi, sitt trugsmål om å leggje ned veto mot EU sin klimaplan. –Det er altfor dyrt å gjennomføre klimatiltak på eit tidspunkt då det fyrst og fremst er finanskrisa som må løysast, meiner han. Ja, han nærast brummar frå talarstolen når han hevdar at det beint fram er umogleg å handtere to så krevjande utfordringar samstundes. First things first! Optimismen frå førre dagen bleiknar. For kor alvorleg tek han og fleire framtredande statsleiarar klimatrugsmålet, tru? Han er vel ikkje heilt åleine om å tenkje slik, er han vel? Spørst om ein norsk miljøvernminister i halv stilling er tilstrekkeleg til å få Silvio og venene hans på andre tankar?

3 kommentarer:

  1. Leste i Dagens Næringsliv at det (da) så langt var brukt ca 25.000 milliarder offentlige korner på å "redde oss" fra finanskrisen. Det er mye penger. Ca 5.000 kroner per innbygger i hele verden. Eller - vet du hvor lang tid det vil ta å telle til dette tallet? Hvis du bruker ett sekund per tall vil du bruke ca 800.000 år! Poeng: Dette er VIRKELIG mye penger, og bare SÅ mye mere enn selv den mest irrgrønne miljøverner tørr tenke på i sine våteste drømmer brukt på å redde oss fra KLIMAkrisen. Det sier vel noe om at finanskrisen blir vurdert som LITT mer truende enn klimakrisen! Eller?

    SvarSlett
  2. Kime til miljøhåp? I høve lanseringa av filmen ”Kurt blir grusom”, svarer Erlend Loe på nokre spørsmål frå aftenposten.no. Her kjem eit kort, kort utdrag frå intervjuet:
    –Men nå som det er finanskrise – tror du nordmenn blir mindre grusomme?
    -Jeg har mistet veldig mye penger på kort tid på fondssparing. Likevel fryder jeg meg. Jeg synes det er fantastisk, og håper det går mye verre. På en måte er det redningen til hele den vestlige verden. Men jeg har virkelig mistet mye penger, flere hundre tusen, så det er ikke fordi jeg ikke er berørt selv.
    -Jeg tror vi blir mer sympatiske. Nå har vi hatt blikket vendt mot oss sjøl i to tiår. Minst.

    SvarSlett
  3. Hm, las i DN fredag at Statkraft har vedteke å byggje verdas fyrste prototyp på eit saltkraftverk. Utbygginga kjem i Hurum i Buskerud, og berekningar syner at teknologien årleg kan bidra med om lag 1600 TWh (jadå, terravattimar, eg veit) på verdsbasis. For oss som tykkjer tal er (litt) tøft, er det lett å bite seg merke i at dette tilsvarer rundt 13 gonger så mykje kraft som vert produsert ved norske vasskraftverk kvart år. Bra!

    Prinsippet bak saltkraft er naturfenomenet osmose. Innsatsfaktorane i eit saltkraftverk er sjøvatn og ferskvatn, og greia er at ein i møtet mellom vasstypane skapar eit trykk som kan nyttast til kraftproduksjon. Her må det lesast...

    SvarSlett