Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 26. oktober 2008

I bakspegelen

Når kan me eigenleg seie at me saknar noko? Når me i eit brøkdels sekund tenkjer attende på noko av det som har hendt sidan med skrudde klokka ein time fram sist vår? Eller saknar me fyrst når me ikkje heilt greier å svelgje, for noko i halsen stengjer litt for når me tenkjer attende? Sjølv har eg ikkje svaret, og problemstillinga er i seg sjølv ikkje så viktig. I studentavisa Under dusken ved NTNU las eg her om dagen ein fin tekst om temaet. Og sidan det er føremiddagen for å ta runden i huset og skru klokker av ulike slag framover til vintertid, vert temaet aktuelt. Tankane surrar liksom bakover i litt meir systematiske krinsar enn dei gjer til kvardags.

For tida kjem jo ikkje att. Alt som har vore er på eit vis berre bilete som stirer fram på deg og seier; men jamen var det no fint! Ja, var det ikkje heilt fantastisk, kanskje? Fotballturneringar, konsertar, fjellturar, festar – og vanlege, hektiske kvardagar. Det vert gjerne sagt at eit bilete seier meir enn tusen ord, og det kan eg til ei viss grad vere med på. Men samstundes er det jo eh, tusen ting eit bilete ikkje seier òg. Til dømes det som hende der og då, når biletet vart teke. Kanskje var du sliten, lei og kald, ja, og både svolten, tyrst og utilpass? Du ville eigenleg ikkje vere der på det biletet. Men likevel smilte du. Mest fordi det er sånn ein gjer. Det er det som sømer seg. Du vil jo ikkje akkurat skuffe fotografen heller, og du vil slettest ikkje vere sur. For det er du jo heller ikkje. Kanskje kjenner du deg berre litt utilpass med stoda, du er ikkje heilt komfortabel, tankane dine er gjerne ein annan stad. Du gjer likevel så godt du kan.

Det fine med det, er at du seinare vil sjå attende på dette biletet og kanskje gløyme at du var sliten, lei og kald, eller til og med svolten, tyrst og utilpass. Du vil sjå at du smilte i lag med dei andre. Og så hugsar du at sola var framme akkurat då biletet vart teke, og du vil kan hende hugse menneska som var der. Også dei som, av ei eller anna årsak, ikkje vart med på biletet. Nei, eit bilete seier ikkje nødvendigvis meir enn tusen ord, men det seier oss ofte det me vil hugse. Det fortel deg kanskje at du saknar denne augneblinken. Så er det kan hende bra for oss menneske å sakne. For det minner oss på at me har opplevd augneblinkar som set spor, varige, og som me ynskjer ta vare på. Det gjev oss ei von om at slike augneblinkar vil kome att, og at dei vert skapte no òg. Heile tida. Me tenkjer gjerne ikkje på det der og då, men visse minne skal vare evig i oss. Sansane våre fangar opp augneblinkar og lagrar dei, gjerne ein stad langt, langt inne. Og når minna vert henta fram, gjerne ved at me kjenner ei lukt, høyrer ein fin, gamal song for fyrste gong på lenge eller får auge på eit bilete, så opplever me noko av augneblinken om att. Me minnest. Og det kan gjere både godt og litt vondt.

For me kjem aldri tilbake, men me kjem jo til så utruleg mykje anna. Og då kan me jo vere glade for at bileta hjelper oss til å hugse på noko me ratt hadde gløymt på vegen – og samstundes viskar vekk dei minna og dei tusen orda som kunne vore sagt om korleis det eigenleg var akkurat der og då.

2 kommentarer:

  1. SITAT: Og sidan det er føremiddagen for å ta runden i huset og skru klokker av ulike slag FRAMOVER til vintertid, vert temaet aktuelt. Tankane surrar liksom BAKOVER i litt meir systematiske krinsar enn dei gjer til kvardags.

    Alt som har vore er på eit vis berre bilete som stirer FRAM på deg og seier; men jamen var det no fint! Ja, var det ikkje heilt fantastisk, kanskje?

    Det fine med det, er at du seinare vil sjå ATTENDE på dette biletet og kanskje gløyme at du var sliten, lei og kald, eller til og med svolten, tyrst og utilpass.

    FRAM OG TILBAKE.....

    SvarSlett
  2. Hehe, jau - ser jo poenget ditt...

    Atter og fram, det er lige langt -
    ud og ind, det er lige trangt!
    Der er han! Og der! Og rundt om svingen!
    Ret som jeg er ude, står jeg midt i ringen -
    Nævn dig! Lad mig se dig! Hvad er du for noget?
    Var her bare en nisse, som kunde mig prikke! Var her bare så meget, som et årsgammelt trold!
    Bare noget at slås med. Men det er her ikke - (sa Peer G.)

    SvarSlett