Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 10. november 2008

Allsong i seinhaustnatt

Ordet motivasjon kjem av det latinske ordet movere som tyder å røre seg. Motivasjon er sjølve grunnlaget for det å lære, trivast og prestere – både i idrett og livet elles. Om ein skal oppnå dei resultata ein vil, må i tillegg motivasjonen vere til stades over tid. For uthaldande og sportsinteresserte sambygdingar var det ein herleg dose motivasjon i å dele historier frå 2008 med einannan på haustens store Kleppafest sist helg. Langrenn i inn- og utland, sykkelritt, meir eller mindre spektakulære fjellturar og jamvel maratonløp vart skildra med stor innleving til festmiddag, vin og jolegløgg. Mellom mange høgdepunkt, var den etterkvart så tradisjonsrike songen skriven til festmiddagen etter Birkebeinerrennet i 2001:

Tekst: Jan R.
Melodi: Å eg veit meg eit land (trad.)

Å eg veit meg ein stad, der eg kan slappa a’
Der eg møter ein ven
Der eg slepp klyppa plen
Der eg gjerne er gjest,
der eg kan ta ein fest
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa i hylande storm,
Det er Kleppa, det er Kleppa, det er Kleppa som gjer meg i form!

Å eg veit meg ein dal
Der eg møter ein vegg
Veggen slær meg knock out
berre tanken er nok
Der eg likevel går,
gjekk i fjor, går i år
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Orradalen, Orradalen, denne dalen vi elskar så høgt,
Orradalen, Orradalen, kan du tenkja deg venare dal?

Å eg veit meg eit renn,
der eg sjølv gjev meg skjenn
Der eg piner meg fram,
for å få øl og dram
Renn eg atter går att,
mine draumar kvar natt
Der eg slit meg, og kanskje skal døy
Birkebeinar, Birkebeinar, heidersplassen i vårt liv du har,
Birkebeinar, Birkebeinar, det var til deg vi livet vårt gav!

Og ved neste krossveg må nokon ta på seg å skildre heimturen, der me vandra i lag i beksvarte natta - med eller utan hovudlykt...

2 kommentarer:

  1. Ja nok ein gong vart det ein svært triveleg kveld, takk til arrangørane!
    Da eg satt på med bil ned att (pyse!?), kan ikkje eg fortelja noko spanande om spasering heimatte.

    SvarSlett
  2. Førebels svar: Eg vil gi spesiell honnør til deg for ditt innlegg på Kleppafesten. Tenkte å sei det neste gong vi møttest. Passeleg filosofisk og lyrisk i den samanhengen. Eg fekk ei god kjensle. Ein lovande debutant, spør du meg!

    Sidesprang: De har nokre store talent, det MÅ ein ha for å vinna i Norway Cup. Dei må no slipast på beste måte. Eg meiner at det som avgjer om dei skal spela på høgt eller lågt nivå når dei vert 18 er OM DEI UTVIKLAR HURTIGHEIT! Eg meiner også at dei fleste av dei 5-6 store talenta har eit stort potensiale når det gjeld taktisk forståing. Snakkast.

    SvarSlett