Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 25. januar 2009

Festprat

–Typisk festprat når ein er ilag med statsvitarar, kjem det frå kollega. –Går det ikkje i norsk politikk eller midtaustenkonflikt, så er det pinadø kuriositetar knytte til valsystemet i provinsar i Kongo me får høyre om! Ser poenget, må eg vedgå. For det har verkeleg vore høve til å velte seg i stoff om allslags spelereglar for politisk åtferd siste året. Ein ting er sjølvsagt studiet av statar si utanrikspolitiske åtferd, FN-systemet sin verkemåte og tallause freistnader på å løyse internasjonale konfliktar. Ein annan ting er å repetere korleis dei politiske systema fungerer i ulike statar verda over. No er det eitt år sidan lokale nominasjonsmøte og primærvala stod på i dei amerikanske delstatane. Eit drygt halvår er gått sidan demokratiske og republikanske landsmøte peikte ut sine presidentkandidatar – og så var me i gang med sjølvaste valkampen i USA. Barack Obama stakk av med sigeren 4. november, no er han endeleg i gang og me fylgjer med. Og så tyt me om det på fest, arrgh...

Vel, det får ikkje hjelpe. Nyutnemnd energiminister Steven Chu er òg i gang. Frå å studere valprosessar og innsetjingsfest utanfor Kongressbygninga på Capitol Hill, er fokuset no i ferd med å gli over på faglege og politiske forventningar, merkar eg. Festpraten endrar (litt!) retning. –Ja, for kva kan me eigenleg vente oss av Obama? Me held oss til Steven Chu sitt departement. Han er ein av dei fremste internasjonale forskarane på fornybar energi, og han fekk Nobelprisen i fysikk i 1997. Obama legg vinn på at det er regjeringa sin kanskje viktigaste jobb å utvikle teknologien som styrkar bruksmoglegheitene for alternative energikjelder. Obama har understreka at den nye administrasjonen vil prioritere kampen mot klimaendringane svært høgt. Sjølvsagt ser me at satsinga på fornybar energi også skuldast at USA ynskjer å bli uavhengige av utanlandsk olje, og kan hende trengst det faktisk økonomiske insentiv for verkeleg å få sving på satsinga innan fornybar energi. Den gode saka er ikkje nok åleine, me veit, me veit, men ikkje desto mindre er føremålet godt; USA vil føre ein meir aggressiv miljøpolitikk.

Obama har sett som mål å skape minst 2,5 millionar arbeidsplassar innan energisektoren i løpet av få år. Klimaendringane tvingar oss til å bruke mindre olje og gass og meir fornybare energiformer som til dømes vind- og vasskraft og solenergi. Dette får innverknad på arbeidsmarknaden. Også i Noreg er det gjort berekningar knytt til arbeidskraftbehovet innan fornybar energi. Fagorganisasjonen Tekna berekna ved utgangen av 2007 at omstillinga til større bruk av fornybar energi kan skape heile 85.000 nye, grøne jobbar i Noreg fram mot 2020. Arbeidsgruppa Tenkjetanken, som fylkesordføraren i Sogn og Fjordane engasjerte frå juni 2007 til januar 2008, la i sin sluttrapport 24.01.08 vekt på at me bør vere tidleg ute og ta del i satsinga som må gjerast for å kvalifisere arbeidskraft innanfor fornybar energi. Fylket og Vestlandet bør ta del i oppbygginga av nye høgteknologifagmiljø! Fullt engasjement no.

–Hm, og Obama er altså den som fyrst har teke poenget?, kjem det turt frå sidelina. Det hadde gjort seg å toppe diskusjonen med å hevde at prosjektsekretæren for eitt år sidan sende kopi av nemnde Tenkjetankrapport til Obama sin halvt norske spesialrådgjevar, høhø. Nei, eg får prøve å ta initiativ til temaskifte, tenkjer eg halvhøgt. –Folkens, 2009 er jo valår, kjem det brått frå statsvitarkollega som akkurat har vore ute ein tur...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar