Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 1. februar 2009

Tidene endrar seg

Debatt av det eksistensielle slaget i elitesjiktet på Systrondi. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell og Beitostølen og eksperimentering med fluorbaserte gliprodukt i pulverform, har nemleg det mørke og konkurranseprega skimiljøet i bygda registrert at endringar er på gang. Endringar som kan få dramatiske konsekvensar. Og denne gongen har me ikkje Obama sine retoriske evner å takke: Arrangøren ynskjer nemleg at fleire skal greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Dei siste åra har det blitt verre å greie merket, rett og slett fordi eliteklassane stadig spring fortare samstundes som eliten alltid har dei beste tilhøva. Merkeprosenten har gått ned med 11%, må vite, og eliteklassane skal no fjernast frå berekningsgrunnlaget. Utdrag frå e-postveksling fylgjer:

Sendt: 21. januar 2009 15:59
Emne: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Tatt i betraktning dei nye merkereglane i Birken, er det greitt med eit oversyn på korleis merketidene ville ha vore i fjor med desse reglane. Då ville Monica, Rigmor, Ingar, Odd A. og Lars M. teke merke i tillegg til Magne, Vegard og Torunn. Glorien får dei likevel vente med å pusse til merket er teke i tråd med gjeldande regelverk. Det er grunn til å tru at fleire vil cruise inn til merket i år, og fleire andre får større motivasjon. Dette lover bra. Teknekten

Sendt: 22. januar 2009 08:04
Emne: SV: Nye merkekrav -> nye moglegheiter for heider
Hei, eg bøyer meg i støvet med tanke på kor flink arrangøren er til å oppmuntre dei som i røynda ikkje er gode nok. Eg held på mitt: Merket er i grunnen noko jåleri som mannfolk må hengja på seg for å syna seg fram. Eg ser m.a. føre meg kollegaer gå rundt i vårt store kontorbygg med opp til fleire merke på seg … fy...f… Det neste er vel at dei som er 5 minutt frå merket får eit halskjede med birkebeinaremblem som dei kan sprade rundt med. Kan forresten informere om at eg har endå eit prinsipp, i tillegg til dei eg alt har nemnt: Eg går ikkje med kjede rundt halsen! Eg innser at dette kan verke som ein uttale frå ein dårleg tapar som ikkje har ein sjanse på merket, men likevel; no er det sagt… 10 startar - 0 merke

Sendt: 22. januar 2009 08:57
Emne: SV: Birkebeinarknappen
Denne løparen var i fjor i New Mexico, og reid inn i solnedgangen med hatt - og så var han på country & westernsaloon, og har difor ikkje talerett i denne sak. Men: Etter det eg kan sjå, gjev ’justerte merkekrav’ tilnærma same makstid i alle herreklassar (M20–M50 på 3.42). Konklusjon: Her har nokon vingla og dotte akkurat som LM, M, dommaren og Obama! Mvh. Busspassasjer i år til Lillehammer og Rena og MED ski. PS: Ser elles fram til ein kulturell kveld der borte!

Sendt: 22. januar 2009 09:12
Emne: SV: SV: Birkebeinarknappen
Ja, jeg er svært skuffa over disse nye reglene! Her har jeg lagt opp et stramt trenings-, kostholds- og livsstilprogram for å klare merket for første gang på over 20 år – nå ved opprykk til ny klasse, så ødelegger de hele greia ved å gjøre det enkelt! Mvh. Jålete birkebeiner med håp om flere merker. 9 starter, 1 merke PS1: Nå har jeg lagt hodet på blokka, fallhøyden er stor! PS2: Det var ikke store variasjonen i merketida fra M20 til M45 i fjor heller...

Sendt: 23. januar 2009 08:34
Emne: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Nei, nei, nei... Her har eg stumpa røyken til inga nytte. No vil jo gud og kvarmann klare det; truleg også han med 10 startar og 0 merke, så kva er då vitsen med å gå Birken? To deltakarmerke? Nei, no vurderer eg å gjere som Rolfen; droppe heile greia. Heldigvis har eg 10 merke som det står ein viss glans av. 10 merke

Sendt: 25. januar 2009 20:36
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Det er tydeleg at dei yngre generasjonane taper seg. Dei må ratt ha infiltrert rennstyret. Før gjekk vi med 5.5 kg på ryggen, no 3,5, Vi klatra opp frå Lillehammer annakvart år. Vi køyrde slalåm med krampe i alle musklane ned til Stampesletta året etter – og no; lempelegare krav til merket! Kva blir det neste, scootertransport opp frå Kvarstadammen? Er det nokon som blir med på ein tur over Grønland, merketid: to veker? 27 merke

Sendt: 25. januar 2009 23:07
Emne: SV: SV: SV: SV: SV: SV: Birkebeinarknappen
Hei, gutar! Merke eller ikkje merke, er det så farleg då? Ei helg i mars har me ein flott tur til Lillehammer. Ein lang ettermiddag med mange gode råd om smurning og alt anna ein kan spekulere på. Tidleg frukost og ein stille busstur, før me får bruke kroppen og nyte austlandsnaturen. Og så avluttar me dagen i kjekt lag med oppsummering av alt som har skjedd. Er ikkje det nok? I dei gode, gamle dagane som førre debattant skildra, var det nok høgare del av dei startande som greidde merket, men det var òg langt færre med! Det er berre fleire som prøver seg no. Og det er kjekt (elles hadde me vel hatt nok med ein personbil frå Syril). Takk til alle gode Birkebeinarar med godt humør og mykje pågangsmot. PS: Blir med over Grønland når eg blir pensjonist og har tid til slikt.

4 kommentarer:

  1. Hmmmm.. Eg tek meg i å lure på kva for eit innlegg du har skrive... Lukke til. No kan du jo trøyste deg med at det nok blir merke i år same om du har klart det 27 gonger før eller aldri.

    SvarSlett
  2. Mange gode debattinnlegg her, Ole! Det var etter at startordningen på Birken ble endret for tre år siden at det virkelig ble tøffere å ta merket. Tidligere var det rundt 30 prosent som klarte merket, men de siste årene er merkeandelen sunket med nesten 12 prosent. Dette har vakt reaksjoner hos enkelte deltakere, og det var heller ikke dette som var hensikten med å forandre startordningen. Jeg mener at merket i Birken skal henge høyt, men nå er det i overkant. Arrangørene mener den nye startordningen skaper bedre flyt over fjellet, og at puljer med antatt jevnere løpere fungerer bra. Det er nok en endring som er kommet for å bli. Løsningen er å senke noe på krava slik at omtrent like mange får merket nå som før. Og så er det jo morsomt med puljekvalifisering gjennom lokale seedingrenn. Snakkes.

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar! Då e-postdebatten rasa som verst, var eg på nemnde høgdeopphald på Storefjell. På papiret var dette ei skrive- og kollokvieveke, og i røynda var det I TILLEGG ei veke med dagleg fysisk utskeiing i flotte langrennsløyper. Sjølv tok eg altså ikkje del i debatten, og kan altså ikkje skryte på meg korkje dei publiserte eller andre debattinnlegg denne gongen. Som debutant i Birkebeinarrennet har eg aller mest sans for Torunn sitt innlegg heilt til slutt, eg vedgår det, og hennar oppsummerande tekst står framleis som siste ord i saka. Snillare merkekrav høver særs bra for meg, og alt til helga skal lukka freistast i årets næraste sorteringsrenn; Golsfjellet Rundt. Huskona droppa tilsvarande renn i fjor, og måtte ta til takke med startpulje 16. Det er nest sist av alle, og det vart sanneleg nokre hundre å passere unterwegs. Enkelte av oss har lært av det, og prøver altså ein noko meir ambisiøs strategi. Huhei!

    SvarSlett
  4. Leikangergjengen ønskes lykke til på Golsfjellet, regner med at mange får seg ei skikkelig pulje på Birken. Når det gjelder Birkenmerke så skyldes vel lavere andel i tillegg til startordning også økt deltakelse....

    SvarSlett