Laurdag 25. april er det klart for vårens vidlaste eventyr i Sogn;
Kjeringi Open. Sjølv nådde eg fremste toppen på Kjeringafjellet i Leikanger saman med yngstesonen for nokre dagar sidan, og eg er imponert over snøforholda. Det er framleis utruleg flott på fjellet. Med over 600 påmelde vert dette truleg ein beinhard konkurranse også i år.
..........For utanbygds lesarar må me informere om at Kjeringi Open går frå ein av dei høgste fjelltoppane i Leikanger kommune og ned til kaia ved Sognefjorden. Rennet byggjer på eit multisportkonsept som har i seg heile fire disiplinar: Den krevjande fjelltelemarketappen fører løparane frå toppen av Kjeringi (1314 moh.) ned til området ved Damefall (om lag 500 moh.). Her står det ei rekkje ivrige langrennarar klare til å ta over stafettpinnen. Eller rettare sagt; den digitale stafettbrikka. Langrennsløypa er ei relativt lett, men svært naturskjøn sløyfe i området ved lysløypa på Øvstestølen. Her kjem me fleire stadar frampå kanten, slik at ein overveldande utsikt mot Sognefjorden ligg under oss. Etter 4-5 km. er det veksling til überklare nedoverspringarar. Springeetappen startar i år truleg eit lite stykke ovanfor parkeringsplassen på Kleppa Skisenter (om lag 300 moh.), fordi snøen ikkje ligg heilt ned dit no. Siste etappe er veg- og terrengsykling. Vekslinga her er lagt til Leikanger barneskule. Eit lettare kaotisk og overfylt sykkelstativ vert på ein halvtimes tid tømt når løparane grapsar tak i næraste sykkelstyre og set utføre ned mot Henjaelva.
..........Rennet er krevjande for deltakarane, og særleg for dei som skal starte på toppen. Ein tretimars skitur på feller og med solid sekk på ryggen startar for dei fleste ved 09.00-tida. Dei som er påmelde som 'superkjering', og som altså skal ta
alle fire etappane åleine, må plassere ut sykkel, joggesko og ferdigsmurde langrennski på turen oppover.
..........Når fyrstemann ned frå Kjeringafjell nærmar seg fyrste veksling, og speaker melder frå med dramaturgisk røyst, brukar det gå eit lettare angstprega sus gjennom hopen av spente langrennarar. Korleis ligg me an, tru? Moment of truth, korkje meir eller mindre.
..........Etter ein lang og kronglete sykkeletappe kjem anten fyrste superkjeringa eller ankerkvinna/-mannen på det fyrste laget i mål på ærverdige Hanahaug som vinnar av Kjeringi Open 2009. Så vil eg nytte høvet til å protestere på at den offisielle badesesongen i Sognefjorden startar nett denne dagen - sjølv om nokon har funne ut at rennet ikkje er heilt, heilt over før ein er nedi fjorden (som må seiast å vere nærast full av smeltevatn no!) med heile sin vinterbleike corpus...