Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 21. april 2009

Kjeringi Open 2009

Laurdag 25. april er det klart for vårens vidlaste eventyr i Sogn; Kjeringi Open. Sjølv nådde eg fremste toppen på Kjeringafjellet i Leikanger saman med yngstesonen for nokre dagar sidan, og eg er imponert over snøforholda. Det er framleis utruleg flott på fjellet. Med over 600 påmelde vert dette truleg ein beinhard konkurranse også i år.
..........For utanbygds lesarar må me informere om at Kjeringi Open går frå ein av dei høgste fjelltoppane i Leikanger kommune og ned til kaia ved Sognefjorden. Rennet byggjer på eit multisportkonsept som har i seg heile fire disiplinar: Den krevjande fjelltelemarketappen fører løparane frå toppen av Kjeringi (1314 moh.) ned til området ved Damefall (om lag 500 moh.). Her står det ei rekkje ivrige langrennarar klare til å ta over stafettpinnen. Eller rettare sagt; den digitale stafettbrikka. Langrennsløypa er ei relativt lett, men svært naturskjøn sløyfe i området ved lysløypa på Øvstestølen. Her kjem me fleire stadar frampå kanten, slik at ein overveldande utsikt mot Sognefjorden ligg under oss. Etter 4-5 km. er det veksling til überklare nedoverspringarar. Springeetappen startar i år truleg eit lite stykke ovanfor parkeringsplassen på Kleppa Skisenter (om lag 300 moh.), fordi snøen ikkje ligg heilt ned dit no. Siste etappe er veg- og terrengsykling. Vekslinga her er lagt til Leikanger barneskule. Eit lettare kaotisk og overfylt sykkelstativ vert på ein halvtimes tid tømt når løparane grapsar tak i næraste sykkelstyre og set utføre ned mot Henjaelva.
..........Rennet er krevjande for deltakarane, og særleg for dei som skal starte på toppen. Ein tretimars skitur på feller og med solid sekk på ryggen startar for dei fleste ved 09.00-tida. Dei som er påmelde som 'superkjering', og som altså skal ta alle fire etappane åleine, må plassere ut sykkel, joggesko og ferdigsmurde langrennski på turen oppover.
..........Når fyrstemann ned frå Kjeringafjell nærmar seg fyrste veksling, og speaker melder frå med dramaturgisk røyst, brukar det gå eit lettare angstprega sus gjennom hopen av spente langrennarar. Korleis ligg me an, tru? Moment of truth, korkje meir eller mindre.
..........Etter ein lang og kronglete sykkeletappe kjem anten fyrste superkjeringa eller ankerkvinna/-mannen på det fyrste laget i mål på ærverdige Hanahaug som vinnar av Kjeringi Open 2009. Så vil eg nytte høvet til å protestere på at den offisielle badesesongen i Sognefjorden startar nett denne dagen - sjølv om nokon har funne ut at rennet ikkje er heilt, heilt over før ein er nedi fjorden (som må seiast å vere nærast full av smeltevatn no!) med heile sin vinterbleike corpus...

4 kommentarer:

  1. Slike multisportkonkurranser er i ferd med å bli utrolig populære, og denne stafetten (eller individuelle manndomsprøven om man vil) har jeg hørt mye snakk om de siste årene. Jeg tror dere har en stor ulempe ved at Kjeringi Open (hvert år?) går på samme dag som det fantastiske turrennet Skarverennet. Der er det mange potensielle superkjerringer, tro meg! Skarverennet har ellers tradisjon for å være sesongavslutning for svært mange skiløpere. Dere burde kanskje derfor lagt Kjeringi Open en helg tidligere - både for å få flere deltakere/lag med og for å lokke flere "kanoner" til rennet? Dere må uansett ha lykke til med arrangementet! Stiller du på toppen?

    SvarSlett
  2. Sier meg enig i at bading passer bedre på varmere årstider!!
    Har nettopp vært oppe og sjekka veksling langrenn/springing. Tror det skal holde hardt å få løypa ned til Hamrestølen, selv om det tydeligvis blir jobba med saken.
    Er ellers bedre fornøyd med dagens værmelding enn den i går!

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar – og for lukkeynske med det store vårsleppet i bygda! Rart kva som kan bli tradisjon, gitt; for min del handlar Kjeringi Open om langrennsetappen og skismurning. Men; eg var med og kjende på stemninga på toppen då eldstesonen var ti år. Då tok både han og skisonen til o-løparen startetappen for 94-lag. Å velje skismurning seint på våren er i seg sjølv ofte ei utfordring. Det er gjerne kaldt natta før rennet, og i smeltinga fram til kl. 13 er føret/snøen innom mange ulike typar skismurning. Greia er å treffe akkurat når løpet går, og det er difor greitt å vere til hjelp for ’superkjeringar’ som har lagt att skia ved fyrste veksling – og sjølvsagt for dei som skal gå langrennsetappen på eit stafettlag.
    Skarverennet er eit utruleg flott skirenn, ja, og i 2007 valde me det framføre KO. Planen er Skarverennet i 2010 (under to timar!), så neste år står eg over den lokale festen på Systrondi om det framleis er datosamanfall. Samd i at KO godt kunne vore flytt fram ei veke, og skal ta det opp.
    Veret, ja. Storm.no melder om bris frå sør, og skikkeleg fint (og mildt!) utover laurdagen. Kanskje det vert bading på ein langrennar og ein o-løpar, lell? Eg er med!

    SvarSlett
  4. Kjeringi Open er over for i år og det er mange stolte superkjeringer som soler seg i glansen av sine prestasjoner. Med god grunn spør du meg....
    Det fantastiske med Kjeringi Open er at helt vanlige mosjonister kan delta og ha en følelse av "ekstremprestasjon". Arrangementet er godt lagt til rette og etappene er ikkje lenger enn at de fleste kan gjennomføre med rimelig stil. Nok en gang var det kanon vær, og vi gleder oss til neste år. Så får Skarverenn være skarverenn.

    SvarSlett