I helga hadde eg planar om å jobbe. Dagane var rydda. Ambisjonen var lange, samanhengande arbeidsøkter. Både faglege og administrative oppgåver har lide under eit aldri så lite arbeidspress så langt denne hausten, og m.a. ein rapport (som hadde leveringsfrist førre veke!) skulle finpussast. Alt låg til rette: Halve huslyden fór på hytta, ein representant hadde fotballtreningshelg i regionhovudstaden – og eg altså; i fullt skrivemodus heime. Planen var vasstett, oppgåvene nøye gjennomtenkte og alt fredagskvelden, rett nok zappande mellom Skavlans comeback på NRK1 og Senkveld på Tv2, var pc-en på plass på fanget. Ei real arbeidshelg var i gang, og no var det Bokbindaren sin fredagsdiett med kaffi, Smash og Sørlandschips som gjaldt. Så kom laurdagsmorgonen.

..........
Helga vart sjølvsagt tilbrakt med terreng– og fjellsko. Og med pc-en på fanget innimellom. Kjeringafjell var fyrste post laurdag. 1t. og 35 min. frå Kleppahytta til fremste varden er meir enn godkjent. 3t. tur/retur er faktisk pers, må eg vedgå. Merka tidleg at eg hadde bak meg ei særs roleg treningsveke (jf. fokuset på nemnde rapport), og ved passering Fagereggi skjønte eg at moglegheita var til stades for å perse til topps. Sundag vart det roleg langkøyring ilag med Husbyggjaren. Kvålen–Hottadalen–Lusaskard–Skagasete–Kvålen er ein fin rundtur, og han vart gjort unna på om lag 2t. 40 min.



Fin tur du skriv om her. Det vil vera ei flott løype for motbakkeløp.
SvarSlettTil langrennarane spesielt: Eg ser snøen nærmar seg Vidasethovden.
Det er jo etter hvert mange motbakkeløp som konkurrerer om deltakerne, men slik jeg hører du tidligere har beskrevet løypa får man følelsen av at turen til Lusaskard gir løperne en avslutning der man faktisk løper i et fint fjellterreng. Fra Skagaset og opp høster man gevinsten av en tøff start, og jeg tror dere eventuelt kan spille på at dette faktisk er et løp for dem som liker å løpe i fjellet – ikke bare komme opp på en fjelltopp, se fjellet og gå ned igjen. Det teller også positivt at vinnertiden trolig ikke overstiger 50 minutter.
SvarSlettTakk for kommentarar! Tidlegare i dag fekk eg ein sms med eit innspel til ideen om motbakkeløpet Lusaskard Opp. Må nesten tenkje litt på om eg likar han, merkar eg: For det er jo, som smsen seier, fullt mogleg å køyre den flotte skogsvegen opp til parkeringa nedanfor Skagasete. Dette opnar for at dei som ikkje ser seg syn med kneika/skogsstien frå Kvålen og opp til Skagasete kan gjennomføre halve løpet derifrå. Kan hende det er lurt å gjere det slik for å få fleire med? Ingenting er kjekkare enn når heile familiar kan gå i lag oppover og lage liv og røre undervegs og i målområdet! Jaja, det er moro å leike med tanken. Kjem me frå visjon til verkelegheit, tru? Full fart på jobb i dag, og litt seint svar frå meg. Som vanleg...
SvarSlettTIPS: Debatten om eit motbakkeløp i Leikanger kan du fylgja vidare på fellesbloggen til Birkebeinar- og longsyklarlauget:
SvarSletthttp://lauget.wordpress.com/2009/09/24/la-sportiva-lusaskard-opp/