
..........Anten du alt har lært deg dei tre grunnteknikkane i skøyting; padling, enkeldans og dobbeldans, og du har gått ein del skøyteøkter, eller du er heilt nybyrjar i skøyting, er du velkomen til ei artig langrennsøkt på Øvstestølen. Ta med dunjakka og ein termos med varm drikke, for på teknikktreningar er tempoet lågare enn på vanlege treningsøkter.
..........Me kjem til å leggje vekt på dei tre nemnde hovudteknikkane. Alle får rikeleg med tid til å prøve ut både enkeldans, dobbeldans og padling, og me gjev individuelle tilbakemeldingar og rettleiing i høve arbeidsoppgåver for teknikkforbetring.

..........Det er aldri nokon fasit på kvar i terrenget du nyttar dei tre skøyteteknikkane, men det er lurt å jobbe med å tilpasse teknikken til terrenget når du likevel er ute på skitur. Sjekk gjerne ut nokre teknikktips frå Team Xtra Personell her. Sjåast i løypa!