Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 20. januar 2010

Den neste er den beste

Då Kjetil André Aamodt var landslagsløpar, fekk han nærast dagleg spørsmål om han sette ei nyleg oppnådd topplassering høgare enn medaljar han før hadde hausta. Er dette din beste konkurranse?, høyrde han stadig journalistar spørje. Ein gong spørsmålet kom, vart han ståande lenge og tyggje på det før han svarte. Til slutt kom det: Den neste er den beste! Vegen framover mot nye mål og konkurransar var dei viktigaste drivkreftene i treningsarbeidet hans. Dette gjennomtenkte svaret vart i 2006 nytta som tittel på boka om skikarrieren hans; ei bok eg trygt kan tilrå – anten du er sportsinteressert eller ei.
..........Sist haust lanserte Haugtussen sine sportslege målsetjingar for året som akkurat har byrja på fellesbloggen til Birkebeinar- og longsyklarlauget. Fleire heiv seg på, og gjennomtenkte og meir eller mindre realistiske mål såg dagens ljos. Sjølv har eg prøvd å formulere tilsvarande målsetjingar – førebels utan heilt å lukkast. Dei er der nok ein stad, målsetjingane om plasseringar, om å greie merkekrav og å oppnå visse konkurransetider. Likevel ligg det ei sperre i meg som gjer at eg ikkje annonserer at målet for Birken er å passere mållina mindre enn 3 timar og 25 minuttar etter passering startmatta ved enden av Tingstadjordet på Rena. Eg får meg heller ikkje til å kunngjere for all verda at målet er å klive Fanaråken Opp på under 1 time og 15 minuttar frå startstreken på Turtagrø; eller at Blomstringsløpet helst bør vere unnagjort på under 14 minuttar (og revansje over nemnde Haugtussen eventuelt er eit hardtslåande faktum!). Nei, det viktigaste er faktisk å vite at ein er påmeld til nye konkurransar, tenkjer eg. Ei kvar samanlikning med Aamodten er sjølvsagt å tøyge dette med trening og målsetjingar altfor langt, eg veit. Det fell på si eiga urimelegheit. Men eg trur likevel mange deler synet hans om at det viktigaste er å glede seg til den neste økta og den neste konkurransen og sjå framover mot nye mål. Individuelt eller på lag med fleire. Treningstimar på blaute stiar og økter med ivrige, unge fotballspelarar er viktige deler av målet - resultat i form av prestasjonar får vere for reinspikka bonusar å rekne.
    
Og kanskje er nettopp dette årsaka til at eg ser på den lokale nyvinninga Giro Sogn som ein knallgod idé. Giroen handlar om å arrangere, og delta på, ein serie lokale konkurransar innanfor fleire ulike greiner. Mange i Birkebeinar- og longsyklarlauget seier no at dei vil hyve seg på den uformelle touren som ein lekk i treningsarbeidet utover i 2010. Kjekt!
Sjølve utforminga av konseptet går i desse dagar føre seg på nemnde fellesblogg: Bør me leggje opp til at t.d. 5 av 10 konkurransar tel i samandraget? Bør alle som deltek uansett oppnå minst 3 poeng? Skal me leggje opp til ei eiga konkurransehelg med jaktstart på sykkel fredag og laurdag - og ølbrygging/-smaking laurdagskvelden? Kva farge skal 'Eg-deltek-på-GIRO-de-SOGN-t-skjortene' (som alle deltakarane sjølvsagt får) ha? Alle synsmåtar og kommentarar vert sjølvsagt tekne imot med takk her. Me treffest på den neste!

4 kommentarer:

  1. Takk for praten her om dagen! Du nevnte i farten ikke Giro Sogn, men jeg synes dette ser artig ut. I et treningsmiljø med så mange gode langrennsutøvere savner jeg sprintlangrenn. Sprintlangrenn innledes av en prolog der de beste tidene går videre til kvartfinale. I kvartfinalen er det normalt 3-4 i hvert heat, der de 2 beste i hvert heat går videre til semifinale. De 2 beste fra semifinalene går til A-finale, mens de 2 resterende i går til B-finale. Lengden på løypa varierer vanligvis mellom 1000-1500 meter. Løypeprofilen varierer også i stor grad slik at konkurransetiden kan være fra 2-5 min. Dette er såpass populært at mange klubber rigger til et eget klubbmesterskap i sprintlangrenn - gjerne som et kveldsrenn i lysløypa samtidig med den faste fellestreningen. En ide å ta med i Giro Sogn?

    SvarSlett
  2. Du kan å skrive og du kan å fyre :) No har iallfall 3 av måla dine endeleg kome svart på kvitt, og du siktar høgt du òg... Ser fram til Blomstringsløpet! Trur vi begge bør ha som mål og kome oss under 14 der. Eg fekk meg trippelbillett gjennom Sport1, så om eit par veker bør eg vel finne fram skia frå i forfjor og ta meg eit par økter. Skal du vere med?? Elles ser eg allereie fram til snøen forsvinn og Herman-Skagasete og Eika-Kleppa skal testast på nytt. Då forventar eg Langrennaren på startstreken og. I tillegg tenkte eg få til ein skikkeleg test inn Henjadalen også. Den rakk eg ikkje i haust.

    SvarSlett
  3. Til lukke med billett til Birkebeinartrippelen! Eg vert gjerne med på treningsøkt på ski, og stiller opp på Herman-Skagasete, Eika-Kleppa og Henjadalen Inn så sant eg er oppegåande. Fyrste post på programmet er å få skikk på ein seig hælskade, slik at Birken ikkje ryk. Deretter vert det å jobbe med skøyteteknikken slik at Skarven kan gjennomførast med stil. Les meir om rennet her. Rennet går 24. april, og du er hermed invitert til å bli med på årets siste langrenn. Skarven er ein finfin tur, og eg jobbar med å få med fleire sogningar...

    SvarSlett
  4. Veit ikkje om eg ska ha med deg på treningsøktene mine på ski, det kan fort bli kjedeleg og lite trening for deg :D Men lurte på om du har fått plass på Trippelen? Eg veit nok godt kor flott Hallingskarvet er i solskinn. Gjekk rennet i forfjor og hadde eit fantastisk vêr. Trur nok eg står over årets renn, men takkar for tilbodet. Talast!

    SvarSlett