Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

tysdag 5. januar 2010

Vinterfotball

Mange er godt i gang med skisesongen. Sjølv om det gjerne kunne vore meir snø, er det no fine forhold både for langrenn og telemarkkøyring på Øvstestølen. Likevel rullar fotballen i Sogn! Syril Fotball arrangerer i vinter fotballskule for årskulla 1996-1999 i Leikanger Idrettshall (Saften). Fotballskulen kjem til å fokusere på basisferdigheiter og teknikktrening, og vert gjennomførd med fire treningsøkter fordelte på to dagar. Fyrste samling er alt komande laurdag (9. januar). Den andre er sundag 7. mars. Fotballskulen tek til kl. 10.00 og er slutt kl 13.30. Me avsluttar kvar samling med å servere lunsj til deltakarane.
         
I samband med gjennomføringa av fotballskulen vil me òg leggje opp til ei samling for trenarane i klubben og andre interesserte. Nils Tore Krosshaug har det fotballfaglege ansvaret, og han orienterer oss om den såkalla Coerver-modellen komande fredag kl. 19.00. Coerver er eit teknikkutviklingsprogram for unge spelarar. Ei målsetjing med modellen er å gjere den einskilde tryggare på eigne ferdigheiter gjennom leik og øvingar med mykje ballkontakt. Systemtenking og formasjonstrening vert altså ikkje sett fokus på her. Fyrst når spelaren er trygg på eigne ferdigheiter og kjend med spelarane rundt seg vil ho eller han trivast og vere kreativ på fotballbana. Sentralt i Coerver-metoden står også spel i mindre grupper. Metoden rettar seg særleg mot aldersgruppa 6 til 14 år, men vert i mange klubbar nytta også på juniornivå. Me ser fram til lærerike fotballdagar - ein glitrande start på tjueti!

2 kommentarer:

  1. Godt nytt år! Interessant at dere henter inspirasjon fra Coerver-metoden. Også RBK har samarbeidet med selskapet Coerver Coaching, som har spesialisert seg på trening av individuelle ferdigheter for unge spillere. Spillere i denne alderen har utrolig lett for å tilegne seg nye ferdigheter. Fysikk og utholdenhet er vel og bra, men i barne- og tidlig ungdomsfotball er utvikling av teknikk ekstra viktig. RBK tilbyr f.eks. egne lokale samlinger for disse aldersgruppene i Trondheimsområdet for å være med i de lokale klubbenes utvikling av spillere. Lykke til med samlingene!

    SvarSlett
  2. Takkar for det - og godt nytt år til deg òg! Interessant å høyre at Rosenborg har trua på 'Kørrver-metoden'. Det er alltid kjekt med nye impulsar på treningssida, og me tek i mot idear og inputs med opne armar. Oppdatering kjem etter fyrste treningssamlinga. oig

    SvarSlett