Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 17. april 2008

Kjeringi Open - ein reklame

Komande laurdag skjer det i Leikanger, og eg har tru på ein minnerik dag til fjells. Rett nok som skismurjar. Kone og eldsteson har teke på seg langrennsetappen på kvar sine lag, og då vert det å smake på stemninga ved veksling i Damefall - som støtteapparat. Aj, men spanande det òg.

Sjølv nådde eg ’fremste Kjeringi’ saman med eldsteson førre søndag, og eg er særleg imponert over snøforholda. Framleis utruleg flott oppe, og skiføret bør nyttast av fleire dei vekene me har framføre oss! Kjeringafjellet er generelt direkte innbydande, og jamen høyrer eg at det er over 600 påmelde til det store Rennet eller Løpet (må i alle høve skrivast med stor førebokstav!).

For utanbygds bloggarar: Kjeringi Open går frå høgste fjelltoppen i Leikanger kommune og ned til kaien ved Sognefjorden. Rennet byggjer på eit multisportkonsept som har i seg heile fire disiplinar. Den krevjande fjelltelemarketappen fører løparane frå toppen av Kjeringi (1314 moh.) ned til området ved nemnde Damefall (om lag 500 moh.). Her står det ei rekkje ivrige langrennarar klare til å ta over stafettpinnen. Eller rettare sagt; den digitale stafettbrikka. Langrennsløypa er ei relativt lett, men likevel fin sløyfe i området ved lysløypa på Øvstestølen. Etter 4-5 km. er det veksling til überklare nedoverspringarar. Springeetappen tek i år truleg til ved parkeringsplassen på Kleppa (rundt 300 moh.), fordi snøen ligg heilt ned, og tek laga ned til siste etappe som er veg-, terreng- og eh, hagesykling. Vekslinga her er lagt til Leikanger barneskule. Eit lettare kaotisk og overfylt sykkelstativ vert på ein halvtimes tid tømt når løparane grapsar tak i næraste sykkelstyre og set utføre ned mot Henjaelva.

Eit krevjande renn for deltakarane, dette, særleg for dei som skal starte på toppen. Ein tretimars skitur på feller og med solid sekk på ryggen startar for dei fleste ved 09.00-tida. Dei som er påmelde som 'superkjering', og som altså skal ta alle fire etappane i ein jafs, må plassere ut sykkel, joggesko og langrennski på turen oppover. Og obligatorisk matstogg halvegs oppe; i Discohòla. For vår del har me vel eigenleg meir enn nok med å kome oss opp i fyrste vekslingsområde til i 11-tida, slik at miksing av ei god klisterblanding kan ta til.

-Det året eg hadde aller best ski under oppvarminga fram mot det tenkte starttidspunktet, var same året som fyrsteetappen på laget mitt måtte bryte, kjem det frå halvmotivert kone. Jau takk, hugsar godt det. Når fyrstemann ned frå Kjeringafjell nærmar seg, og speaker melder frå med dramaturgisk røyst, brukar det gå eit lettare angstprega sus gjennom hopen av spente langrennarar. Moment of truth, verken meir eller mindre. Slik var det også det året. I den augnebllinken fyrste laget hadde veksla, byrja alle å vente på sin startmann. -Han kom jo berre faan ikkje, mimrar kone. -Rett nok var det ingen falske voner om at han skulle vere blant dei fremste, men likevel... Når nest siste langrennar hadde lagt ut på sin tur, var det berre å innsjå det. -Der og då gjorde me familievedtak på å prioritere Skarverennet deretter, du hugsar vel det? Kone legg ikkje skjul på at det var gjevt å starte skulder-ved-skulder med Therese Johaug, Astrid Urenholdt Jacobsen og Marit Bjørgen i fjor. I år vart me for seine med påmelding. Alle tog var fulle. Både frå Vossesida og Geilosida. Eldsteson fullførte også Skarven med stil i fjor, og meiner ei løysing kan vere annakvart år. -Bra framlegg, eldsteson, diplomatisk som meg, du.

Etter ein lang og kronglete sykkeletappe kjem anten fyrste superkjering eller fyrste lag i mål på ærverdige Hanahaug som vinnar av Kjeringi Open 2008. Så vil eg protestere på at den offisielle badesesongen i Sognefjorden startar nett denne dagen. Sjølv om nokon har funne ut at rennet ikkje er heilt, heilt over før ein er nedi fjorden (som må seiast å vere nærast full av smeltevatn no) med heile sin vinterbleike corpus...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar