Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 5. juni 2008

Bensin og bygdeutvikling

–For det fyrste er det viktig med ei arbeidsdeling mellom dei største sentra og bygdene ikring. Me treng bedrifter med behov for høgkompetansearbeidsplassar i regionsentra. Berre slik vil me over tid leggje til rette for busetnad i bygdene rundt. Kaffidrikkande kveldsvitjar meiner å sjå litt av svaret for å få endå fleire bygder til å bløme. –Flinke, unge og velutdanna kan då slå seg ned på bygda, fordi kompetansen deira er etterspurd ikkje langt unna!

–So far, so good, men kva skal eigenleg til for at me lukkast, då? Eg prøver meg, og får respons; –Jau, ei langsiktig og systematisk utvikling av den lokale infrastrukturen. Slik kan me få eit effektivt vegsamband og eit godt utbygd kollektivtrafikktilbod som gjer det mogleg å bu utanfor, men samstundes å jobbe i sentra. Sats på transport, kommunikasjonar og breiband. Og me som har småborn set pinadø pris på breiband og ein heimearbeidsdag innimellom, det heng saman med svevn og slikt. –Sjølvsagt skal bygdene i seg sjølve også utviklast og gjerast attraktive og tilgjengelege for tilflyttarar, men alle kan truleg ikkje jobbe der, vel? Spør ho.

–Men med raskt stigande drivstoffprisar kan jo ikkje bygdependlarane drive og køyre til og frå verken Sogndal, Førde, Bergen eller Oslo i lengda. Dyrt det, meiner den kaffidrikkande, og no BT-lesande vitjaren, og bompengane her i fylket kjem berre på toppen av alt. –Sant nok, prøver eg meg, men sett i eit miljø- og klimaperspektiv er jo ein relativt høg drivstoffpris bra, er det ikkje? Og me må jo tenkje på kva som er viktigast her; Tellus sin eksistens om hundre år vs. bygdeutvikling her og no?

–Aj, denne vekst-vern-diskusjonen er jo nærast ein klisjè, og ikkje berre litt heller. Kona er trøytt av halvinspirerte seine-natta-diskusjonar, og held seg for panna. –Men høyr, literprisen på både diesel og bensin har vore over 14 kroner, og no snakkar me om at ei tolegrense er kryssa, kjem det frå kaffidama. Sist det kom til eit slags folkeleg opprør mot dyr bensin, var vel då prisen passerte ti kroner. No skjer det eit samanfall av stigande oljepris og ein auke i bensin- og dieselavgifta frå 1. juli. Ikkje bra, det!

–Høyr, isolert sett vil jo ikkje avgiftsauken påføre bilistane dei store byrdene, då. Eg reknar. –Det er vel snakk om ein hundrelapp eller tre i året om me køyrer 20.000 km. Ei berekraftig utvikling inneber ei utvikling der behova som dagens menneske har vert tilfredsstilte – utan at det øydelegg moglegheita for at framtidige generasjonar får tilfredsstilt sine behov. Det seier SN sitt klimapanel (IPCC), og dei fekk fredsprisen i fjor! Det viktige er vel nettopp å få folk til å tenkje seg om før dei set seg i bilen. No er eg på hoggen; –Og me må jo hugse på at me i Noreg har vore vande med å ha dei lægste drivstoffprisane i Europa. Om me reknar i høve lønsnivået. Med unnatak for Luxembourg får me mest bensin per utført arbeidstime.

Kaffivitjaren får siste ordet, i det me går over til annan drykk. –Den jamne bilisten brukar om lag 3,5 prosent av forbruket sitt til drivstoff. Greitt nok, det. Men det er store skilnader, gitt, og i distrikta, med dårleg utbygt kollektivtrafikktilbod, svir jo prisauken ekstra. Det er iallfall ikkje rett at me i dei verdiskapande utkantane skal lide mest! –Mindre privatbilisme i DEI STORE BYANE ville vere i tråd med tiltaka som Stortinget har samla seg om i klimaforliket. Kva gjer styremaktene for verkeleg å få det til, tru?

Herleg samanfall mellom semje på altanen og servering av iskald og søt terassevin...

4 kommentarer:

  1. Sett slikt, bensindiskusjon innunder Svahaug utan meg.
    Hei, eg skulle ha vore med der Ole I, spesielt etter at terrassevinen vart sjenkt. Det ein skulle ha gjort det var å finne seg eit kart over Skandinavia i høveleg målestokk , sett passarspissen i Oslobyen og laga seg nokre sirklar rundt, med passeleg avstand, kanskje ein slik fire fem sirklar og so gjort det same med desse andre storbyane våre; Bergen, Stavanger, Trondheim og Tromsø.
    Ja, og der sirklane beit i kvarandre, og laga slike fine elipser, der kunne me ha lagt inn farge. Så kunne me ha starta vårt eige differsieringsprosjekt, eller aller helst eit eige bensindirektorat, med sete i det som den store journalisten i Sogn Avis snart ville ha kalla direktoratkvartalet. 10,50 pr liter her og 13.90 pr liter der osv osv. Diesel og bensin og landbruksdiesel og....og så desse elipseliknande, farga felta...kva med fleire fargar, fleire prisar? Randomisering er eit fint ord, lett å seie og, sjølv etter skikkeleg inntak av terassevin. Her er det potensiale. -Mor mi sa ein gong; "Om det itte finnes skigarder så må det vel finnes grenser" -jau, men ikkje her.

    SvarSlett
  2. ...i går var eg så omtåka etter å ha gått bak ei oljeosande gamal agria 5300slåmaskin eit par tre timar, at eg gløyme overbygginga frå bensin til bygdeutvikling. Sett slikt.
    Vel, i 1994 var eg i Groningen. Der var eg innom ein rocka bar som heitte Benzine Bar. Kjekt der :-) Og så tøft navn då!
    Og no hin dagen las eg i Sogn Avis, eller Sogningen som me uteføre seier, at nokre karar i Balestrand skulle starta opp bar i gamle Essoen i balebygda. Bensen skulle den heite. So flott. Lukke til karar, eg kjem utom og tek meg ein øl eller tre når de opnar.
    Men veit du, i gamle dagar, då eg hadde moped, var eg og ein del i Balestrand. Då fekk eg høyre og erfare at utnavnet på Essoen var Lukket.

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar og strålande innspel, Eirik! Eg har allereie tinga meg eit jækla digert Noregskart. Og så skal eg stele med meg den store tavlepassaren frå barneskulen. For framlegget om nasjonal differensiering av drivstoffavgifta tek eg bokstavleg. Og så gler eg meg slik til den natta i telt framføre Stortinget då eg og du skal bu oss til å overrekke kartet, med innplotta drivstoffprisar på, til sjølvaste miljø- og utviklingsminister Erik Solheim! Nesten som blodsbrør, då, hæ?

    SvarSlett
  4. Alt dette er svara på framlegg til NTP (nasjonal transportplan), les og vert vis.

    Forresten er det berre rett nedadstigande line frå Ivar Aasen som kallar FN for "SN".

    SvarSlett