Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 18. juni 2008

Sumar og sigrar

Langrennsbloggen forfell, eg innser det. Det er for fint ver, og altfor mykje EM på fjernsynet. Og for freistande å teste den nye pulsklokka med GPS i fagert Sogneterreng. Eller det vil seie; ikkje altfor mykje tv-fotball sånn generelt, berre for mykje til at det let seg gjere å oppdatere ein samfunnsblogg på relevante saker som opptek huslyden. Samstundes. Og så kan eg like godt her og no love skjerpings på bloggen framover. Særleg vil eg reklamere for den månadlege serien som startar opp fyrste veka i august her: Vegen til Birken - 21. mars 2009. Her kjem både treningstips, lenkjer til artiklar på langrenn.com og skisport.no og referat frå eigne treningar fram mot Birken-debuten til husbonden i heimen. Tek i mot tips sjølv og, eg!

Medan bloggen forfell, og sumaren stel tida mi, tykkjer eg ratt det er på tide å trekkje fram nokre flotte eh, lat oss like godt kalle det sigrar som noko anna. Noko som berre er bra, og som det er brei semje om i nemnde huslyd. Fyrst sler Bergens Tidende stort opp at utflytt sogndalsjente Signy Fardal har valt å formidle eit portrett av syngjedamemodellkjendisen Jessica Simpson på nynorsk. -Ho kan like godt formidlast på nynorsk som på bokmål, seier Fardal til BT i dag. Fardal, som altså er redaktør i motebladet Elle, sler fast at ho kjem til å halde fram med å bruke nynorsk i bladet. Litt, iallfall.

Forfattaren Olaug Nilssen ('Få meg på, for faen', 2005, hugsar?) stiller generelt spørsmålet om kvifor me ikkje får lese om den siste Lancome-kremen på nynorsk, eller kvifor sjølv nynorske kjendisar så godt som aldri er siterte på sitt eige språk i media. Kan me i det heile sminke oss på nynorsk?, spør ho. Stoff om livsstil og motar pregar tida, og trend-, sports- og kvinnemagasina er med på å forme språket til unge og haldningane deira til språk. Motebladet Elle har gjort nybrotsarbeid når dei har trykt fleire artiklar på nynorsk siste året og dei har jamvel hausta svært god respons frå lesarane sine.

Og ikkje nok med det; i desse dagar kjem stadig meir av innhaldet på vevmøtestaden Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, og leiaren i Norsk Målungdom (NMU), Jens Kihl, meiner sigrar som denne knapt kan overvurderast. –Me ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter målet sitt for lite. Då er det viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige mål, meiner han. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk, også til å formidle og beskrive det moderne samfunnet - om nokon altså skulle vere i tvil om det. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet.

I dag er truleg opp mot ein million nordmenn på Facebook. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar. Nynorsk vert no mellom dei 30 fyrste Facebook-språka i heile verda. Me gratulerer sjølvsagt målrørsla, men like mykje alle oss som er eh, menige nynorsktilhengjarar. Og så tek me oss ein tur ut i sumaryret i skogen. For det å trene naturleg intervall i vene vestlandsskogar går faktisk nesten berre an å gjere på nynorsk...

1 kommentar:

  1. Etiketten er demokrati...javel, men eg fyrer opp med nynorsk rock eg, eller snarare rock på nynorsk. Slik skulle vel dette ha lege under etiketten musikk, men.. MålRock tenkjer de vel no...men nei, det let eg liggje. Her er det heller umsetjingar eg vil ta føre meg, for slik å syne kor godt nynorsken kan passe i eit rocka kulturutrykk. Haha.
    Fyrst ut er Black Sabbath sin Iron Man:

    SVART LAURDAG
    Jarnmannen

    Har han gått frå vitet?
    Kan han sjå eller er han blind?
    Kan han i det heile teke gå?
    Kva med om han rører på seg
    vil han då ramle overende?

    Er han levande eller daud?
    Har han tankar i hovudet?
    Me berre let han vere
    kvifor skulle me i det heile teke bry oss?

    Han vart gjort om til stål
    i det kraftige magnetfeltet
    då han reiste i tid
    for framtidi til folket

    Ingen vil ha honom
    Han berre ser på verdi
    legg planar for hemni
    som han snart skal falde ut

    No er tidi inne'for Jarnmannen skal spreie redsle
    Hemn or gravi
    drep folk han eingong berga

    Ingen vil ha honom
    Dei berre snur hovudi sine burt
    Ingen hjeper honom
    No tek han hemn

    Tunge støvlar fulle av bly
    fyller offeri hans med redsle
    spring så fort dei kan
    Jarnmannen lever att

    -Slik; var ikkje dette tøft eller?
    Høyr på songen her;
    http://www.youtube.com/watch?v=FMmHX3WENHY


    Men Genesis, nokon som hugsar progrockarane i Genesis? Det var ikkje berre musikken som gav rom for undring i si tid...tekstane var og noko for seg sjølv.
    Her er til beste eit utval umsette sitat frå ulike songar;

    "eg ventar på vindskjermen på motorvegen"
    "tekkekrabbarane forlet hjørna sine"
    "den unge mannen sa; du er det du har på deg. den gamle mannen sa; du er det du et"
    "lammet legg seg ned på Broadway"
    "eg stolar meir på ein mann frå landet enn ein bymann. eg stolar meir på ein mann som arbeidar med hendene sine"

    Sett slikt.
    Me må få fram litt nynorske tekstar i rocken og....jaffal 25%.
    Ellers så er det no mange bra rockarar som syng på dialekt.
    Eit band som kalla seg Olve Ivars (nokre karar frå Ørsta) spelte ein gong inn songen;

    "Ola, Wanda og høgrehanda"

    Han Ola han e ennj artige kar
    men han Ola han verte aldri far
    for han får sej aldri dame
    og han seie det e de same
    for me bilde ta ne Wanda
    og me høgre handa
    he han Ola det bra

    -og så umset me denne til Engelsk;

    "Ola, Sandy and the rigth hand handy"

    Ola is a funky fellow
    but the chicks don`t find Ola mellow
    so he never gets puzz
    and he couldn`t care less
    `cause with a picture of Sandy
    and the rigth hand hany
    it`s easy livin`

    Høyr songen her:

    http://www11.nrk.no/urort/artist/OlveIvars/default.aspx

    - løge ikkje sant? Det vart tøffare på Engelsk?
    Hmmm.
    Me har eit problem.

    Vel.
    Ein av mine littærere heltar, herren Ragnar Hovland, har laga mange, etter mi meining, rocka tekstar, på nynorsk.
    Han har jamvel spela i band og framført tekstane....ikkje så veldig bra musikk då...me har eit problem her og...tenk berre på Olav Stedje, blaut austkystkøntrirock. Jaja.
    Nok no.

    SvarSlett