Døme? Rondane har vore nasjonalpark sidan 1962, og fjellområdet har heile ti - 10 - fjelltoppar over 2000 meter. Nasjonalparken vart utvida i 2003, og dekkjer i dag eit område på 963 kvadratkilometer i Oppland og Hedmark. Den høgste toppen er Rondeslottet, 2178 moh. Mellom fjelltoppane i Rondane går markerte dalar gjennom landskapet. Den djupaste dalen er fylt av Rondvatnet (1167 moh.), ein smal innsjø mellom Storronden (2138 moh.) og Rondeslottet på den eine sida og Smiubelgenområdet på hi. Rondane har ikkje nok nedbør til at isbrear har oppstått her, men ein finn mange isbreliknande snøfonner i dalane. Huhei, slik kunnskap er kjekk å kunne skilte med i rette selskapet.
Frå Rondvassbu i enden av Rondvatnet kan ein nå alle 2000m.-toppane på mindre enn ein dag til fots. I dette sentrale området og vidare nordover er området ganske høgreist og vilt samanlikna med dei flatare platåa lenger syd.

Aj, dette hadde me gledd oss til – for nettopp Veslesmeden var årets hovudmål med sommarveka til fjells. Og dette vart ei spesiell turoppleving; spanande og mektig i storslått natur - og bokstavleg tala 'toppa' av nokre minuttar med heilt tåkefri utsikt mot Rondeslottet og Vinjeronden (ein tur me gjekk i 2006 med eldsteson!). Sjølv om toppen etter forholda er lett tilgjengeleg, vart dette spektakulært nok sidan topplatået er smalt, lite og trongt - og stupbratt utover på tre kantar. I blesten på toppen skreiv me oss sjølvsagt inn i boka før me returnerte nedover i lia for ein betre matstogg. Prov er viktig for ekte fjellvandrarar, må vite... Energibarar og svakblanda saft kan verkeleg smake godt på toppen av leverposteiskivene. Heimturen gjekk på litt over halve tida av det me brukte opp. Otta sentrum vart deretter letta for eitt kilo smågodt til bilturen oppatt til Dovre.

Traversen mellom hovudtoppen og Vesttoppen, 2253 moh., er ein klassisk klatretravers. -Med finare vèr kunne me vel ha teke den òg, hæ? Den betre halvdelen i heimen yppar seg for tida på desse toppturane, og no snakkar me ekte klyving i det eg vil kalle æh, steinbratt ur. -Det gjorde iallfall skiløpar Tor Arne Hetland og kona, sambuaren, dama eller kjærasten, for dei flaug forbi oss på veg opp. -Jau, men eg sa jo til han då dei fòr ifrå oss at me skulle ta dei i æh, spurten, fekk du med deg det? -Høhøhø, du er no vittig, er du... -Og så trur eg jamen at eg òg skal prøve meg med stavar neste gong, for du la vel merke til at Hetland hadde slike? Eg dristar meg frampå. -Slik som Hetland, du liksom, skjerpings no, utstyrsfrik!
Jeg vil gratulere Langrennaren med suksessen som fotballtrener!!! Regner med at dette gir inspirasjon også for egen aktivitet. Har sjøl fått de første 405-øktene på plass i PC-en.
SvarSlettTakk for hyggeleg Norway Cup-helsing! Aj, eg har skikkeleg sans for at du har gått til innkjøp av 405-versjonen av Garmin si pulsklokke, og inviterer med det fyrste til samling på altanen for å diskutere treningsopplegg for tidleg haust. Nedrehagen, Teknekten og Söderholmen stiller - og erfaringsutvekslingar av denne typen kan gjerne kombinerast med OL-sending på tv og kalorihaldig restitusjonsdrykk. Gje ein lyd ein dag om du er i beit for treningskompis - eg held inn til Flya...
SvarSlett