Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 25. mars 2009

Birkebeinarrennet - rapport frå ein debutant

Lyseblå morgonhimmel. Eg er endeleg på plass i startbåsen, klokka har så vidt passert 08:00 og dei seier det vil bli mildare i lufta enn gårsdagens prognosar anslo. Sekk og ski vert plasserte midt inne i det tilmålte området til startpuljen. Oppvarmingsjogginga med stavar er nærast for ei rituell handling å rekne, men dei neste minuttane gjev meg i det minste tid til å summere opp morgonen: Ut av soveposen 03:45. Kjapp dusj på Birkebeineren Hotell. Ned i matsalen, saman med sambygdingar, for å hyve innpå stor frukost. Brødmat, frukt og havregraut. Pakking av ski og utstyr i bussen og avreise frå Lillehammer 04:30. Etter to timars slumring i monoton bussdur var me framme ved startområdet litt vest for Rena sentrum.
..........Her venta finishen med festesmurning som fyrste gjeremål. Eit tunt lag grunnvoks, det er grøn Toko som gjeld, vart varma inn i skia i smørjebua på hotellet i går kveld. Og eg kan love det var diskusjonar i den smørjebua! Mest om smurningsval, men også om matinntaket veka før rennet, bunkring av saltvassløysing og karbohydrat døgeret før start og til slutt om behovet for skikkeleg søvn siste natta. Det siste temaet framskunda oppbrotet frå smørjeøkta. Med nypreppa ski under armen tusla me på rommet, vel vitande om at mobilen ville vekkje oss dryge fem timar seinare.
..........Ei raud sol kikka fram då me steig or bussen på Rena, og eg merka så vidt eit svakt drag i lufta. Nokon nemnde at det truleg var motvind på fjellet, men eg lest som eg ikkje høyrde det. Tunne innpakkingslag med turrvoks stod altså no for tur: valet fall på ein Swixmix. VR55, VR60 og VR65. Til slutt veging og tilpassing av sekken (3,6 kg!), ei siste brødskive og nokre nervøse vasslurkar, det siste toalettbesøket (for mange av oss bak bussen), på med startnummer og leggbrikke (for dei av oss som til slutt fann dette i sekken, puh...) og så endeleg finne rett puljeinngang.
..........Sidan eg er debutant i Birken, frykta eg lenge at eg skulle hamne i ei av dei siste startpuljane. Nokre dagar før seedingsrennet på Golsfjellet dundra nemleg årets influensa inn i heimen. I febertåke og med pledd heilt opp på bringa, tyggjande på ei blanding av rosiner, turmiks og salmiakkdrops, såg eg meg sjølv trygt plassert i pulje 16. I lag med dei som har med appelsin og mjølkesjokolade i tursekken, og som tykkjer det skal bli fint å kome seg av garde fordi det brukar vere slikt eit folkeliv på matstasjonane. Saman med dei som er opptekne av å prate jovialt om at me femten kilometer før mål passerer hytta dei brukar vere på i påska. – Eg må sjå etter hytta før eg passerer Sjusjøen, seier dei kanskje, litt oppe i lia etter ein kvass venstresving. Sesongen baud på fleire seedingsrenn. Sjølvhøgtidlege birkebeinarar med merkeambisjonar og fluor under skia fekk såleis rikelege høve til å sikre seg ei meir attraktiv starttid...
..........Fire minuttar til start og brukbar kontroll på sjekkpunkta. – I alle høve for seint å gjere endringar no, kjem det turt frå sidemannen, – god tur, forresten! Klare? Klare! Startskotet går presis 08:20. Leggbrikka startar tida fyrst når kvar einskild passerer ’matta’ ved enden av Tingstadjordet. Ingen tendensar til konfliktar eller kaos i mølja. Opningsfarten er til å leve med, og det kjennest greitt å leggje seg litt til venstre i køen i det jamt stigande skogsterrenget opp mot Skramstadseter (9 km). Sola varmar, sveitten siler og fire koppar varm sportsdrikk glir ned på veg gjennom den fyrste matstasjonen. Eg har bestemt meg for å få i meg det eg greier i fart, ein stoggar jo helst ikkje i skirenn, må vite!, men erfaringane frå Søre Ål-rennet før i vinter gjer at eg likevel gjev meg sjølv litt tid.
..........Litt for mjuk festevoks? Vel, tråe ski er vel nokre hakk betre enn dårleg feste, trøystar eg meg med. Skyvet er tungt i motbakkane, men det gjeld å tenkje positivt. Me held fram i glissen lauvskog oppunder Dølfjellet (13 km). Framleis ingen teikn til den lokale konkurrenten Langpendlaren som starta i min pulje. Heldigvis ikkje til sambygdingane Teknekten eller O-løpern som kjem halsande i puljen bak heller. Nordvestover til Dambua (15 km) går det etter kvart kvast nedover. Fyrste energibaren blir fortært i stor fart i utforstilling. Så freistar eg å skru opp takten i dei kuperte stigningane opp til Raudfjellet (20 km). No får det bere eller breste, det er dette me har trena for, er det ikkje? Frå Nysætra (23 km) ber det gjennom småkupert og skoglendt terreng ned til Kvarstaddammen (27 km). Halvveges til mål! Kjeks, bollar og ein halv banan går ned medan eg speidar etter kjende andlet – som eg helst ikkje vil sjå no! Framleis er korkje Meklaren eller Langpendlaren å sjå, og eg bestemmer meg for å slutte å leite. Frå no av må eg halde fokus. Gå mitt eige løp, som det heiter i sportsjournalistikken sine termar.
..........I dei fyrste stigningane opp mot Midtfjellet (34 km) er det stadvis blank is i spora. Null feste, og ei snikande uro for at all festesmurninga er borte tek brått alt fokus. Skulle det verkeleg gå slik? Ei utsegn frå den amerikanske fotballtrenaren Joe Paterno står på repeat: – What counts in sports is not the victory, but the magnificence of the struggle. Jotakk! Heldigvis er det såpass stigning at me etter nokre kilometer kjem opp i turrare snø att. I dei lange stigningane med glatte ski er det umogleg å ikkje skjenne på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Det kjennest som eit mirakel, men swixmixen under skia byrjar så vidt å virke att. Eg slær frå meg å supplere med klister. Svært letta over avgjerda, feirar eg det tilbakevendande festet med å nyte turen i det opne fjellterrenget. No er det dobbelttak med fråspark som gjeld. Han med dei oransje Rossignol-skoa, som lenge har gått heilt oppå bakskia mine, må sleppe. Huhei!
..........Kroppen er attende i flytsona, og tanken på å klare merket melder seg att. Det minner meg på merkedebatten som gjekk på e-post og på fleire skibloggar tidlegare i vinter. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell, treningsleir på Beitostølen og eksperimentering med nye fluorbaserte gliprodukt, registrerte langrennsmiljøet i heimbygda at endringar var på gang: Arrangøren ville at fleire skulle greie merkekravet i Birkebeinarrennet! Då rennet gjekk over til seeda puljestart i 2005, vart det tøffare å klare merket. Dei siste åra har merkedelen gått ned med nesten 11 prosent. Nye retningsliner for utrekninga av merketidene inneber at dei best seeda i aldersklassar som startar i elitestartane ikkje lenger er med i berekningsgrunnlaget for maksimaltida. – Vel skal merket hengje høgt, men det har dei siste åra vore i overkant tøffe krav, var ein lokal konklusjon. Andre meinte at dei nye reglane kjem av at dei yngre generasjonane taper seg. Før gjekk ein med 5,5 kg på ryggen. No med 3,5. Ein klatra opp frå Lillehammer annakvart år, og køyrde slalåm med krampe i alle musklar ned til Stampesletta året etter. No går løpet berre frå Rena. – Og no? Lettare krav til merket? Kva blir det neste? Scootertransport opp frå Kvarstad? Nei, dette blir for ’lætt’, hevda dei tøffaste; – reine barneskirennet! For ein debutant som nærmar seg 4 mil, er det i grunnen greitt å vite at krava ikkje akkurat er skjerpa for året, og eg får ny motivasjon når eg registrerer at eg framleis ligg føre skjema ved passering Sjusjøen (41 km).
..........Etter siste drikkestasjonen syner løypeprofilen på birkebeinersidene at terrenget er lettare innover mot målområdet. Løypa buktar seg nedover slake lier. Nokre av utforkøyringane er skarpe, og eg tek meg for 10. gong (minst!) i å kjefte på løparar som skifter spor rett framom meg: – Hei, sjå deg føre, tulling! Stakinga i det flatare lendet innover mot Birkebeineren Skistadion i Lillehammer liknar ikkje heilt på vinnar Jerry Ahrlin sitt fryktelege rykk litt lenger oppe, eg veit jo det, men det går pokker ikkje så verst heller. Og det er stort å ta runden oppom Dæhliehaugen før sjølve oppløpet. Jobben er gjort, og på eit merkeleg vis er det både herleg og vemodig å passere skiltet som fortel at det berre er 300 meter att til mål.
..........13190 løparar tok seg over fjellet frå Rena til Lillehammer 21. mars, og ein meir strålande laurdag skal ein leite lenge etter. Med lommene fulle av bollar heia eg min betre halvdel i mål, og så vart det spanande å treffe att dei lokale konkurrentane i målområdet og i Håkonshallen. Dusj, premieutdeling og seinare samling på hotellet før festmiddagen er fast takst for gjengen frå Sogn. Høglydde diskusjonar om smurningsval, løypeprofil, merkekrav, puljeinndelinga, resultatlister og individuelle forbetringsplanar for neste års Birkebeinarrenn fylte lokalet. Det nyerverva merket vart ikkje akkurat hengt på jakkeslaget, men jamen var det med på innerlomma – heile kvelden. Takk for turen!

5 kommentarer:

  1. Når du opna på 43:02 kunne du ikkje nett venta å sjå Teknekten eller O-løper'n på Dølfjellet. Ikkje ein gong med tråe ski.

    At du kom til å ta merke i første start antok eg første gong vi møttest i løypene på Kleppa for mange år og om lag like mange kilo sidan.

    SvarSlett
  2. Flott tur - at da va glatt øve Midtfjellet va likt fø dei fleste.
    Gle meg te neste år - mykje å rette på, alt frå teknikk, gje meir køl opp Dølfjellet og ikkje gå søndagstur opp Midtfjellet.

    SvarSlett
  3. Når Teknekten fyrst kjem trekkjande med passeringstida mi på Skramstadsætra, er det freistande å kome draksande med ein av livet sine interessante kuriositetar. Eg har nemleg slik ein staut tremenning austaføre som også gjekk (går) Birken. Veit liksom ikkje heilt kva kommentaren min bør vere i høve dette litt sære samantreffet, men me får berre slå fast at me frå no av deler meir enn etternamn og storparten av greinene på slektstreet, hehe...

    Ole I. (M35-39/startpulje 4):
    Skramstad: 00:43:02
    Kvarstad: 01:59:23
    Sjusjøen: 02:57:16
    Birkebeineren Skistadion (mål): 03:37:09

    Steffen U. (M25-29/startpulje 3):
    Skramstad: 00:41:40
    Kvarstad: 01:58:20
    Sjusjøen: 02:56:02
    Birkebeineren Skistadion (mål): 03:37:09

    SvarSlett
  4. Gratulerer med et svært godt renn i debuten, og med 2 merker i huset! Om vi klarer å mobilsere til flere par neste år er det i alle fall ingen tvil om hvem som blir favoritter i parkonkurransen.

    Eneste betenkeligheten jeg har med det første merket på svært mange år, er at det nå må arbeides hardt framover for å klare det også seinere. Har du først tatt et merke blir det jo en nedtur å ikke klare det neste år.

    SvarSlett
  5. Gratulerer med vel gjennomført løp til sogningene! Det høres ut som en fin opplevelse, ut fra din siste bloggpost. Jakten på merket er en vesentlig del av Birkebeinerarrangementene, og jeg leste nettopp på birkebeiner.no at arrangøren gjennom den nye beregningsmåten oppnådde en merkeprosent på 29,2 i årets Birkebeinerrenn. Ser vi på dette klassevis varierer det fra 25% i M25 til 100% i M85. I den puljevise fordelingen klarte praktisk talt alle merket i pulje 1 og 2, i pulje 3 er prosenten 91, i pulje 4 er prosenten 81 og i pulje 5 er den 58 prosent. Deretter dropper merkeprosenten til henholdsvis 34 (6), 24 (7), 18 (8), 14 (9) og 10 (10) i de påfølgende startpuljene. Kunne være artig å høre hvordan dere opplever den nye ordningen - og om den fikk konsekvenser for noen av dere!

    SvarSlett