Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 18. mars 2009

Birkebeinarrennet 2009 - prolog

I år er me mange som skal i veg. Akkurat kva som fekk oss til å melde oss på, kan vere alt frå eit veddemål med kompisar eller jentegjengen, kollegialt gruppepress på jobben, ynskje om eit langsiktig treningsmål, helsevinstar gjennom jamn trening eller om å prestere betre enn i fjor. I alle høve har me gjort eit val som gjer at me no truleg har komande laurdag i tankane meir eller mindre konstant. For lat oss no berre innsjå realitetane her. Lat oss ta innover oss situasjonen me står i. Stikke fingeren i snøen og starte den endelege nedteljinga. Det er mindre enn tre døger til starten går på Rena.
..........I desse dagar er det visstnok svært vanleg å kjenne at ei lett forkjøling er i emning. Forma kjennest litt i ulage under dei siste finpusstreningsturane, og ein byrjar tvile på om skistallen er god nok. Er eigenleg kaldsnøskia stive nok til fråsparket mitt, tru? Burde me hatt Swix sitt rådyre rillejarn med oss i smørjekofferten, eller held det med Red Creek sitt strukturjarn dersom det vert skikkeleg blautføre? Og den strekken i ryggen, burde eg hatt ein tur innom kiropraktoren for å løyse litt opp der, tru?
..........Høyr; det er her eg trur me berre må bestemme oss no: For me veit at forma er kanon, steinslipen og strukturen i skia er nærast perfekt for føret som er meldt til helga og litt forkjøling i skrotten dei siste dagane er jo berre bra. Ja, for me gler oss til å stå opp kl. 04.00 på Lillehammer for å stappe i oss havregraut og brødskiver med honning og brunost under den viktige frukosten. Gler oss til den sovande og spente stunda på bussen som tek oss til smørjeinnspurt, sekkeveging og oppvarmingsdans på Rena. Me kvir oss slett ikkje til å ta viktige avgjerder; me gler oss til å endeleg velje ski og skistruktur. Og me ser iallfall fram til å kome i gang med sjølve løpet! Klart me ordnar godt feste og god gli til dei lange motbakkane oppover mot Skramstadsætra. Og hektiske mat- og drikkestasjonar undervegs taklar me like godt som kven som helst. Full kontroll.
..........For me har jo køyrt dei intervalløktene me treng, har me ikkje? Iallfall dei me fekk tid til. Me har sprunge Henjadalen på langs og på tvers, gått langturar og kortøkter både på for glatte og på knallgode ski. Det har nesten ikkje vore ein einaste fredagskveld utan at store og små mellom 7 og 70 har delteke på O-løper'n sine morosame og effektive sirkeltreningar til hårete musikk i 30x30-intervallar. Og sanneleg har me ikkje henta fram gamle kunnskapar om anaerob terskel og sonetrening òg. Sesongen starta med skiøkter i rima løyper etter nattefrost (nesten utan snø!), men no veit me at me kan halde oppe eit skikkeleg driv gjennom 54 seige km. – sjølv om vinden ular og det lavsnøar heile vegen. Me berre veit det går bra.
..........Endå meir gler me oss til å fylle opp att alle karbolagra med fenalår, sild, heimabrygg, sjokolade, cola og potetgull under høgrøysta deling av dagens gode og dramatiske opplevingar på banketten utpå kvelden. Til å dele felles skjebnar på grunn av eit lurvete skiføre, javel, eller felles opplevingar av solskin, samarbeid og superglid dei siste 14. Fellesstart i puljer på klassiske skirenn er utruleg kjekt, og me fryktar ikkje dette meir enn det nokon av dei andre 14.500 deltakarane gjer. Nei, dette fiksar me fint. Me gler oss fordi me er trygge på oss sjølve og på gjengen som er med. For Birkebeinarrennet 2009 blir all time high!

6 kommentarer:

  1. Lykke til! Jeg nevnte en gang på lunchen at det kunne vært artig å prøve Birken. Da fikk jeg et nådeløst blikk fra flere Birkebeinere, hvorav den ene sa: ”De har folk på toppen som stanser løpere som går for sakte!”. Derfor; satser på å delta på Telemarksrenn. Der blir jeg nok sikkert sist, men antall minutter bak teten er til å leve med – de blir nødvendigvis ikke så mange som på Birken!

    SvarSlett
  2. No har eg ikkje den heilt store erfaringa med skirenn, vel, det begrensar seg til eit renn på Hafslo i tidleg ungdomstid. Og trur du ikkje eg mista hua i ein nedoverbakke...og sidan det var så jæv.. kald så måtte eg stoppe opp, gå attende og plukke opp hua. Trur ikkje det gjorde så mykje frå eller til med sluttida og plassering, men noko traumatisk var det lell. Men altso, denne prologen inspirerar til å gå på låven og finne fram dei gamle svarte og gule epoke skia og ta ein tur i lysløypa ein kveld. :-)
    Lukke til på Birken Ole Inge. Eg heiar på deg.

    SvarSlett
  3. Gler meg til å vandra rundt i Håkons hall og høyra smørjetipsa og handla mykje unyttig. Gler meg til stemninga i smørjeboden der vi krydrar skia som om det var med safran. Gler meg til finna ein fin plass i startfeltet og ønskja dei i nabospora god tur. Gler meg til å føla kulden, motvinden og kjenna at eg lever. Gler meg til å sjå motvekta, søster mi, på start for første gong. Gler meg til å gje henne ein god klem når ho kjem i mål. Gler meg til årsmøtet på loftet der vi feirar merketakarane og oss andre trenings- og konkurransegladeglade.

    SvarSlett
  4. Det er godt at både Langrennaren og Teknekten har fått inn ei solid dose Willy Railo, at de da tenker postitivt og sprer disse positive vibrasjonene til oss andre. Vi gleder oss!

    SvarSlett
  5. Kjære Ole Inge. Oppvokst som jeg er i fjæresteinene i hordaland, så var ikke skigåing den store fritidsinteressen, og er det fremdeles ikke.......... Må likevel si at jeg synes det er moro å lese dine betraktninger og å følge iveren din frem mot Birken. Kos deg i morgen og lykke til.

    SvarSlett
  6. Birkebeinarrennet er over for denne gong, og eg takkar mykje for kjekke og gode kommentarar i framkant - òg for fine lukkeynske! Bloggkommentarar som innleiar med 'kjære' er sjeldan kost, men sjølvsagt spesielt fine å få... Medan eg framleis 'kjenner' korleis det er å delta på Rennet med stor R, sette eg meg i går kveld ned for å skrive ei skildring av turen over fjellet. Skreiv på 'autopilot' og la teksten ut før eg tenkte meg nærare om. Tippar de må slite med etterdønningar og Birkenstoff aldri så lenge på denne bloggen, for dette var heilt enkelt ei fantastisk flott oppleving!

    SvarSlett