Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 5. mars 2009

Eittårsdag

–Her om dagen freista eg å opprette min eigen blogg gjennom Google si blogspotside, men neimen om eg fekk det heilt til, gitt…
–Hm, men det er truleg ikkje særskilt vanskeleg, hehe, eg stikk innom kontoret ditt no etter lunsjen, eg, så kan me jo sjå på saka.
–Ah, fint om du har tid til det, mann. Dette er jo berre for moro, men det kunne jamen vere artig å prøve...


I dag er det ratt eitt år sidan denne samtalen fann stad i kantina på min gamle arbeidsplass. Ein flink IKT-kollega rettleia meg deretter gjennom bloggertenesta til Google, og brått var eg på nett. Fyrst ut, som ein test, var Olav H. Hauge sitt vene snødikt. Sidan vart det andre ting å skrive om.


Kjekt å leggje ut bilete, kjekt å skrive tekstar i hytt og pine og moro med både morosame og meir alvorsame kommentarar. Men; kva kjenneteiknar eigenleg ein eittåring? Eittåringen er nyfiken og observerande. Han har bratt læringskurve når det gjeld kva som er rett og gale, og etter kvart som han rører seg i ein større radius må han passast nøye på slik at han ikkje skadar seg sjølv. Frå tida med ein stri son på helsestasjonen i Oslo hugsar eg godt trøystande ord frå ein velmeinande sjukepleiar: –Ettåringens viljekraft begynner jo for alvor å anes nå, og jeg kan love at den med tiden bare blir stadig mer tydelig! Kan vere greitt å hugse på når me durar vidare inn i år nr. 2...

6 kommentarer:

  1. Grattis med dagen i går. Kanskje du skulle feire med ny layout? Eg har endra min. Fekk til og med til dei avrunda hjørna.

    SvarSlett
  2. Er nyleg gjort merksam på denne bloggen. Blar meg bakover og les. Ein ting er sikkert: både biletet og skåringa til Eivind mot det gulkledde laget frå Tromsø er innertiarar. Kven tok biletet?

    SvarSlett
  3. Huhei! Arnstein står som oftast strategisk svært godt plassert under viktige fotballkampar, og er mannen bak fleire blinkskot frå siste sesong - også dette! Er elles i tenkjeboksen når det gjeld vidare blogging - òg i høve form og framtidig layout, ja...

    SvarSlett
  4. Gratulerar med 1 års dagen !
    Eit lys på kaka ! Håpar det vert fleire, for du er med å lyse opp kvardagen. (Var ikkje den kommentaren fin då? .... haha)

    SvarSlett
  5. Fin kommentar, Eirik, tusen takk skal du ha - men han er jo såpass i overkant mjuk at eg er uviss på om han faktisk æh, kler deg... Eg passerte deg sist veke, akkurat då du (djupt i eigne tankar!) gjekk forbi Café Herman. Kanskje heldt du på med ein sms, der du såvidt såg opp for å krysse vegen, eller kan hende tok eit nytt dikt form? I bilen min ljoma Skambankt sin kongelåt 'Dynasti' i takt med stega dine på fortauet. Den scena kledde deg. Harmoni!

    SvarSlett
  6. Skambankt ! Det du ! Noko av det beste i Norsk rock sidan De Press.
    Eg diggar å kle Skambankt, faktisk så mykje at eg føler meg minst 10 år yngre :-)

    SvarSlett