Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 7. juni 2009

– Er du for eller mot?

Sognekraft As planlegg kraftutbygging med utgangspunkt i vassressursar frå Henjaelvi og Grindselvi: Leikanger kraftverk. I bygda er engasjementet rundt ei felles sak attende. Det er ikkje så lenge sidan sist bygda var delt i for og mot. Og det er i grunnen moro medan det står på. Diskusjonane går. Grannen stoggar meg midtvegs i plenslåtten for å argumentere, fotballgutar meiner sterkt i Syrilbussen heim frå bortekamp og stemninga under grillfesten på verandaen står i fare for å bli øydelagd ein sein nattetime. Eg sluttar ikkje å bli overraska over kor mange som set seg skikkeleg inn i sakene.
..........Sist handla det om plassering av idrettshallen. Foreldre gav seg i kast med opprop i Sogn Avis (sjølv knota eg ned eitt av dei!) for å få hallen plassert ved idrettsbana og barneskulen - og ikkje mellom bankbygg og fylkeshus. Alle kanalar vart nytta for å påverke kommunestyret. I går opna Saften, eller Leikangerhallen som han offisielt heiter. Mellom bankbygg og fylkeshus. Med butikkar, avisredaksjon og flotte trenings- og kulturhusfasilitetar. Sentrum er vitalisert med nybygget, Café Herman og nye utandørs møtestader. I vinter trur eg nærast alle som var på dugnad i hallen opphavleg var motstandarar av han. Bygda står samla - ingen sure miner. Men så har altså kraftutbyggingsplanane kome valsande som ei stor, støyande og skiten anleggsmaskin inn i bygdeidyllen...
..........Etter friidrettskarusellen på idrettsbana førre kvelden byrja foreldre og tilskodarar å diskutere. -Men er du for eller mot? Før debatten var i gang kom spørsmålet. Det er sunt å bli pressa til å ta stilling, men meir interessant er det sjølvsagt når folk fortel kvifor dei meiner som dei gjer. -Landskap og friluftslivopplevingar heng saman. Dette er gjerne den mest sentrale utfordringa ved den planlagde vasskraftutbygginga, opna eg. -Ei anna er det biologiske mangfaldet, la ein granne til.
..........Leikanger er ein liten kommune med tett busetnad. Mange er flittige brukarar av tilstøytande utmark til fritidsføremål. Båe elvane renn gjennom populære friluftsområde. Henjaelvi ligg særleg strategisk til like ved bustadområde, barneskulen og det daglege trenings- og friluftslivet. Områda vidare innover fjellandskapet er lokalt og regionalt viktige som friluftsområde. Eit seterområde har status som eitt av seks nasjonalt verdfulle kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Nytte skal setjast opp mot kostnad, og ein skal jamen vite kva ein gjer dersom ein vel å endre noko av dette.
..........Om utbygginga var planlagt i eit liknande friluftsområde på Voss, veit eg at det ville vere lettare å vere for. -Herregud, kommunen treng inntektene, kvar ei krone, ville eg kanskje seie. Og med det faderlege opphavet strategisk plassert i energibransjen gjennom 40 år og i kraftpartiet framfor nokon, Ap, like lenge, ville ingen heve augnebrynene over standpunktet.
..........Så, kva skil Leikanger frå Voss? Voss er ein stor kommune med utallige trenings- og friluftsområde som er fullt på høgde med Henjadalen. Enkelt framstilt kan eg fort ramse opp 99 sentrumsnære treningsruter som eg vil behalde der. Så kunne Statkraft, BKK eller Voss Energi fått greie ut nr. hundre til utbyggingsføremål. Leikanger har ein treningstrasé med eit underlag og eit stigningsforhold som gjer han aktuell for ALLE. Ein tilfeldig onsdagskveld i Henjadalen mellom april og oktober, uansett ver, treffest syklistar, joggarar med iPod på øyret, prategjengar på tur, barnevogner og syklar med støttehjul, pensjonistar med sekk og stokk, meir eller mindre ambisiøse birkebeinarar, unge og eldre med fiskestong og kven som helst med hund i band.
..........Vil me behalde dette fantastiske velferdstilbodet dersom Sognekraft byggjer ut? Vassføringa nedanfor vassinntaka i elva blir redusert med 90%, les me i ei kommunal saksutgreiing. Henjaelvi har fleire parti med grov steinmasse som gjer at elva då vil sjå heilt turrlagt ut. -Godt å sleppe elvasusen, mann, kjem det frå nedre delen av tribuna. Men i Henjadalen vil ei slik utbygging krevje i overkant av 4 km heilt ny veg i tillegg til ei omfattande opprusting og dels omlegging av eksisterande veg inn til Flya. Nokon talar jamvel om oljegrus eller asfalt. Det er planlagt å ta ut 130000 m³ massar ved kraftstasjonen. Fleire store massedeponi vil ruve, det skal byggjast fleire damanlegg og kraftliner skal strekkjast. Korleis vil dette i røynda sjå ut til slutt?
..........Eg er for utvikling på bygda, og eg tykkjer det høyrest interessant ut med hyttefelt og skiheisar og afterski og nye sosiale relasjonar utvikla ein stad i dei unike og vakre sidedalane i Leikanger. Slike planar kan gje nye lyft i eit kvart bygdesamfunn, og må ikkje avvisast utan vidare. Men når eit kulturlandskap truleg vert dramatisk endra og fullgode alternative trenings- og friluftsmoglegheiter absolutt ikkje finst i heile kommunen, er det umogleg å vere for kraftutbygginga slik ho no er førespegla. Særs usikre inntektsutsikter og mildt sagt uavklara tilhøve rundt framtidig drikkevassforsyning for bygda styrkar standpunktet. Det er mange gode grunnar til å bu og leve i landets nest beste kommune. Har me råd til å setje ein av dei viktigaste på spel?

8 kommentarer:

  1. Det du skriv her oppsummerer mykje av mine eigne refleksjonar rundt temaet. Eg tykkjer dette er vanskeleg; skal vi ta eit ansvar for produksjon av fornybar kraft i ein større samanheng eller skal vi tenkje på eigne behov og konsekvensar ut frå eit lokalt perspektiv? Mange lokalsamfunn strevar med liknande problemstillingar. Eg har tvilt meg fram til eit nei til kraftutbygging, mest fordi eg sitt at med ei emmen kjensle av at vi sel oss for billeg jmf innhaldet i den avtalen som no er forhandla fram. Kvar er t.d. langsiktigheita i dei avbøtande tiltaka?

    Det neste store diskusjonstemaet som seglar opp er kvar kommunene skal kutte dei 10 mill som rapporten frå KS-Konsulent tilrår at vi skal: http://www.leikanger.kommune.no/cms/leikanger.nsf/($All)/A51BCE3AF13783C1C12575C1003C0F13?OpenDocument

    Her er det nok ingen av sektorane som slepp unna. Då er det lett å sjå på inntekter frå ei evt. kraftutbygging som lyset i tunnellen...

    SvarSlett
  2. Så de er ikkje kjøpte opp av kunstgrasargumentet, altså? Om nokon skulle falle for det, så var det vel nettopp trenarar og lagleiarar i Syril IL? Det ryktast heilt ut i nabokommunane at du er inne på topp 10-lista i klassen over 16 år med flest timar på idrettsbana for tida. Sognekraft sin lovnad om ein mill til kunstgrasbane ved eit positivt kraftvedtak denne veka er vel freistande for ivrige støttespelarar?

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar. Årlege driftskostnadar er høgare enn dei laupande inntektene i Leikanger kommune, og diskusjonen om å kutte ti årlege millionar er sjølvsagt vonlaust vanskeleg. Barneskulen er alt råka, har eg forstått… Det er lettare å ause ut enn å dra inn, heiter det i eit ordspråk etter Ivar Aasen. Eg deler konklusjonen om at me sit att med for lite i høve det me ofrar dersom me seier ja til den framforhandla avtalen med Sognekraft. Eg trur mange opplever at det ikkje er til stades ein balanse i tilhøvet mellom kostnad og nytte (inntekter), og då vert me jamen i tvil.
    Tanken om å eksportere grøn energi (gjerne basert på vasskraft, men like gjerne på ny fornybar energiteknologi) frå Noreg til europeiske statar (som i alle høve ikkje har naturgjevne vilkår for å bli sjølvforsynte med fornybar energi) er sjølvsagt god. Ei utfordring per i dag er at overføringskapasiteten frå Norden til resten av Europa er sprengd. Det neste tiåret skal difor kapasiteten for eksport av elektrisk kraft doblast. Her må også me bidra på sikt, klart det, men det må gjerast på anna vis enn å tyne norske bygder for sine siste frie friluftsområde. Og nei; kunstgrasargumentet vert for smått, gitt. På alle vis.

    SvarSlett
  4. Det er mindre enn 2 timar til saka skal handsamast i kommunestyre og det er ei viktig sak, uansett om ein er for eller imot. Eg er for ei utbygging soframt at me sikrar drikkevatnet vårt. Ja det er eit inngrep, men kva er øydelagt natur? For nokre er kanskje utbygginga det, eg kjem til å bruke Systrondsfjella slik eg har gjort, for meg handlar ikkje dette om natur som er øydelagt. Sistnemnde ord er eit sterkt begrep, øydelagt betyr faktisk at du ikkje kan bruke noko lengre. Naturen vert redusert som følgje av utbygginga, spesielt med mindre vassføring og fleire vegar lengre innover i områda. Meir vegar er pyton for nokre og eit pluss for andre.

    Nei millionen til kunstgras er ikkje avgjerande for meg, heller ikkje dei 9 andre millionane i utbyggingsavtalen. I mine auger er det totalkonseptet der eg meiner at fordelene er større enn ulempene.

    Eg set stor pris på engasjement og debatt så lenge den er sakleg. Om to år er det kommunestyreval og fylkestingval. Eg skulle ønskje at engasjementet vert like stort då, at det fins masse folk som er viljug til å stille på listene til partia som stiller liste.

    Det er gjennom deltaking i val og medlemskap i partia at de kan få gjennomslag for meiningane dykkar.

    Dessverre så er det store problemer med å få folk til å stille på listene. Eit parti som Høgre greidde det berre med eit nødskrik, Krf greidde det ikkje.

    I fleirbrukshallsaka, kraftutbyggingssaka og kommuneplansaka var/er det så mange som har hatt meiningar at dei burde omsetje engasjementet sitt til deltaking i politkkken. Spesielt treng vi fleire kvinner i politikken.

    Mi oppfordring er derfor, sei ja til å stille på politiske lister dersom de vert spurde.

    SvarSlett
  5. Eit levande og dynamisk lokaldemokrati er ein føresetnad for å skape ei god utvikling i lokalsamfunn og bygder. Det trur eg me er samde om. Mindre enn 60% finn det bryet verd å røyste ved lokalvala. Undersøkingar syner at stadig færre opplever at det viktige politiske arbeidet føregår i dei politiske partia. Nedgangen i partimedlemstalet er eit uttrykk for endringar i måten folk deltek politisk på. Dei tradisjonelle kanalane får noko redusert innverknad til fordel for nye deltakingsformer. Ein kan alltids spørje om dei nye deltakingsformene, som gruppedanningar på Facebook, blogging og andre nettbaserte ytringsformer er døme på, representerer ei utviding eller ei innsnevring av demokratiet – men dei er nok komne for å bli.
    Felles for grupper og nye nettverk er at dei ikkje har eit bestemt program som grunnlag for si verksemd, men at dei gjerne fungerer som fora for debatt om aktuelle politiske og ideologiske spørsmål. Viktige debattar føregår slik like gjerne på kaféen som på partimøtet, og ofte er enkeltsaker (gjerne lokale spørsmål) utgangspunktet. I den grad slike nettverk har ein samlande ståstad, er denne gjerne knytt til at politisk makt ligg i sjølve diskursen og at det viktigaste ein kan gjere for å påverke samfunnsutviklinga er å engasjere seg i den offentlege meiningsdanninga. Dette kan ein m.a. gjere ved å etablere nettgrupper og publisere bloggpostar. Eg meiner generelt at underskriftskampanjar, demonstrasjonar og nettgrupper av ulike slag inneber eit positivt tilskot til lokaldemokratiet! Mest fordi det fører til at fleire engasjerer seg.
    Dersom oppslutnaden om nye deltakingsformer erstattar, og ikkje supplerer, tradisjonelle politiske prosessar, hamnar me fort i eit uføre. Tilliten til det representative demokratiske systemet vert då svekka, og berre dei som beherskar språket, retorikken og teknologien – og som jamvel har kontaktane – vinn fram. Dette er ein sjølvstendig grunn til å halde fram rekrutteringsarbeidet i lokalpolitikken, og også her tippar eg me er på line.
    Det me IKKJE er samde om, viss du meiner det, men det har eg no vanskeleg for å tru, er at alle me som ikkje stod på liste ved siste val må halde kjeft når dei store lokalpolitiske enkeltsakene skal opp til handsaming.

    SvarSlett
  6. Nei, ingen skal halde kjeft, det skal vere sakleg engasjement, men eg saknar engasjement når vi kjem til det real-politiske. Då er det ikke so lett å få med seg folk som elles er svært engasjerte. Det er synd tykkjer eg, mange av desse ville gjort ein utmerka god jobb i politikken.

    I dag vart det ja til kraftutbygginga med 10 - 6, som er eit rimeleg stort fleirtal for utbygging. Om det vert utbygging er det no opp til innstillinga frå NVE pluss avgjerd av Kongen i statsråd. Sjølv om det vert gjeve konsesjon er det ikkje sikkert det vert utbygging dersom Sognekraft finn ut at det ikkje er god nok lønsemd i det. Kommunen sitt vedtak var berre ei tilråding.

    SvarSlett
  7. Jepp, slik gjekk det, og no får Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ballen. Det vert spanande å fylgje og diskutere saka vidare. Så veit me at NVE har store bunkar med saker liggjande på pultane sine, og det vert interessant å sjå kor lang tid det tek før ytterlegare avklaringar ligg føre.
    NVE har forresten i dag kunngjort at Statnett SF får konsesjon til å byggje den mykje omdiskuterte 420 kV kraftleidningen frå Ørskog til Sogndal. Rett nok under føresetnad av at dei riv 110 km av dei eksisterande kraftleidningane i regionen... Kraftleidningen med ei rad transformeringspunkt vil styrke forsyningstryggleiken og leggje til rette for ny fornybar energiproduksjon i regionen. Den nye kraftleidningen går frå Ørskog via Ørsta, Ålfoten, Moskog og Høyanger til ein ny transformatorstasjon i Sogndal. Han vert omlag 280 km lang og vil gå gjennom 15 kommunar og 2 fylke. Vel, det vert nok meir snakk om også denne saka framover – men skal me greie å transportere meir fornybar energi frå Vestlandet er nye og kraftige straumvegar naudsynte.

    SvarSlett
  8. Kraftlinjer er ikkje noko pryd i mine auger heller, men likefullt naudsynt skal ein frakte straum dit straumen trengs.

    Det som er eit paradoks i denne saka er at storsamfunnet gjer ikkje skikkeleg opp for seg. Desse kraftlinjene går ikkje gjennom verken Kongsparken eller Spikarsuppa i Oslo, men mange av kraftlinjene gjennom den flotte vestlandsnaturen vår. Dei kommunane som vert råka av kraftlinjene får svært liten kompensasjon for dette inngrepet. Det einaste økonomiske handfaste kommunen sit att med, er eigedomsskatt pr linje-kilometer.

    Det andre paradokset som eg kan for lite om, det er kven som deler på rekninga av straumtransporten. Eg har ein mistanke om at dei heilt nede i Øst-Fold ikkje betalar noko særskilt meir for transporten frå Borgund-Stuvane-utbygginga(Lærdal) enn det vi gjer som bur nesten like attmed kraftstasjonane. Vår straum er kortreist, men eg trur me betalar like mykje i transport-kostnad, sjølv om transporten er aldri så kort. Dette er det i sofall ikkje mykje logikk eller rettferd i.

    SvarSlett