Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

søndag 21. desember 2008

Den siste bilvasken

Skitnesundag vert han gjerne kalla, siste sundagen før jol. Namnet er vanleg i vossamålet, og det fortel oss at dagen tradisjonelt vert nytta til arbeid i staden for kvile. Pynting og jolerigging inne og ute står på programmet. Skitnesundag er elles dagen då dei siste smalahova skal etast. Neste gong ein et slik festmat er tidlegast i slutten av september neste år, i fylgje tradisjonen. Hovuda kan bli harske og ikkje ha same kvaliteten dersom dei ligg over nyåret. Ikkje bra. I år vert dagen nytta til å sove frampå (for fyrste gong på lenge, merka eg), avslutte joleverkstad og jolekortskriving i stova som starta tidleg i desember (men som liksom aldri heilt vart runda av i år), kople opp ny vaskemaskin (då den ni år gamle vaskemaskina pumpa ut sitt siste skyljevatn laurdag) – og til årets siste bilvask (den tredje heile hausten!). Fyrst fjerning av sykkelstativ, sitjeunderlag og mykje anna fast inventar i bagasjerommet, plater, gule lappar, kvitteringar og snopepapir i hanskerommet, parkeringsbillettar, refleksar og fleire gule lappar i sidelommene i dørene og tom tursekk, ballpumpe, tre golvlister og eit klatretau i skiboksen. Puh...

Rart med det; bilen er faktisk eit slags eh, nav som svært mange aktivitetar krinsar rundt. Dette slær meg i det eg skrur opp Pearl Jam i bilanlegget. Store og små hendingar i løpet av året – og bilen er med. Stappfull i skrålande, skrattande, diskuterande, engasjerte og tekstande tenåringar eine dagen, og like full av litt mindre, like energiske, tredje- og fjerdeklassingar den neste. Til eller frå trening, kino, bursdag eller hyttetur. Etter at bilen er heilt tømd, føregår grovreingjeringa med støvsugar. Fyrste køyreturen i 2008 var heim frå Bergen etter nyttårsfeiring i England. Vinteren førde vidare med seg turar til og frå skiløyper. Den galeien kulminerte med skismørjingsoppdrag på Birkebeinerrennet; bilen stappfull i varme klede, treningsklede og skismurning. Seinare kom ein mild april med kjekke turar med kaffi på termos, bollar i sekken og vårsol i andletet. Utpå sumaren kom gloheite turar med klimaanlegget på fullt etter fotballkampar eller jobbmøte. Under førre runde med bilreingjering fann eg forresten att ein falma konsertbillett frå Springsteen-show på Valle Hovin under førarsetet. Bretta saman med ein like sliten 50-lapp. Ei lomme vart vrengd i juli ein gong. –Trur det var meg, kom det i kor då eg nemnde saka, hehe.

No; lynkjapp støvturk til Linkin Park. Kladdemerka på vindauga får ein omgang med same filla (har ikkje pusseskinn, nånei). Bilen vert jo òg innimellom nytta som arena for nøye planlegging av komande vekes aktivitetar. Ja, iblant gjerne som ein stad for gode samtalar og for vaksne avgjerder. Og ikkje sjeldan til telefonsamtalar, med eller utan handsfree. Salt er, som kjent, aggressivt på metall og er også med på å binde opp all driten som sprutar opp på bremseskivene, har eg lese. Etter innvendig bilvask av den raske sorten, køyrer eg bilen gjennom vaskehallen nedi bygda. Vaskeprogram med underspyling må vere bra, tenkjer eg, og då rekk eg ein kaffi før sjølve spylejobben tek til. Då me endeleg er samla for å ete dei siste smalahova, kjem diskusjonen rundt bordet fort inn på kva me, i lag med bilen, har vore med på siste året...

–Hm, hadde me berre hatt denne praten sist helg, ville det vore fort gjort å kome på åtte oppsummerande liner til alle julekorta, kjem det frå kone. –Men no er dei iallfall sende, og snart har me sagt god jul til alle me kjenner, slær yngstesonen fast, –og bra er det, for no er det berre tre - 3 - dagar att!
Takk for laget i 2008, då, anten du har vore med på biltur eller ikkje. Og nyt jola, for ho varer pinadø ikkje til påske!

3 kommentarer:

  1. God jul, med ønske om flere gode bloggposter også neste år!
    Jeg vil lese de med interesse (nesten) uavhengig av hva de handler om.

    SvarSlett
  2. Sjølv takk for laget og for morosame og flotte blogginnlegg. Turskildringa frå Store Skagastølstind i haust var særleg underholdande lesnad. Den gav inspirasjon til å planlegge turar i Hurrungane til sommaren. Om vi vågar oss på Storen veit eg no ikkje (har prøvd før), men kanskje du blir med på skitur på Store Ringstind i april/mai? Ei god jul og eit godt nyttår i vente til dykk!

    SvarSlett
  3. Skitnesundag er eit velkjend omgrep også på Sunnmøre, trass i at eg aldri har ete smalahove.
    Eg håpar jula så langt har vore god, og ser fram til fleire lunsjsamtalar og bloggpostar i 2009.

    SvarSlett