Rart med det; bilen er faktisk eit slags eh, nav som svært mange aktivitetar krinsar rundt. Dette slær meg i det eg skrur opp Pearl Jam i bilanlegget. Store og små hendingar i løpet av året – og bilen er med. Stappfull i skrålande, skrattande, diskuterande, engasjerte og tekstande tenåringar eine dagen, og like full av litt mindre, like energiske, tredje- og fjerdeklassingar den neste. Til eller frå trening, kino, bursdag eller hyttetur. Etter at bilen er heilt tømd, føregår grovreingjeringa med støvsugar. Fyrste køyreturen i 2008 var heim frå Bergen etter nyttårsfeiring i England. Vinteren førde vidare med seg turar til og frå skiløyper. Den galeien kulminerte med skismørjingsoppdrag på Birkebeinerrennet; bilen stappfull i varme klede, treningsklede og skismurning. Seinare kom ein mild april med kjekke turar med kaffi på termos, bollar i sekken og vårsol i andletet. Utpå sumaren kom gloheite turar med klimaanlegget på fullt etter fotballkampar eller jobbmøte. Under førre runde med bilreingjering fann eg forresten att ein falma konsertbillett frå Springsteen-show på Valle Hovin under førarsetet. Bretta saman med ein like sliten 50-lapp. Ei lomme vart vrengd i juli ein gong. –Trur det var meg, kom det i kor då eg nemnde saka, hehe.
No; lynkjapp støvturk til Linkin Park. Kladdemerka på vindauga får ein omgang med same filla (har ikkje pusseskinn, nånei). Bilen vert jo òg innimellom nytta som arena for nøye planlegging av komande vekes aktivitetar. Ja, iblant gjerne som ein stad for gode samtalar og for vaksne avgjerder. Og ikkje sjeldan til telefonsamtalar, med eller utan handsfree. Salt er, som kjent, aggressivt på metall og er også med på å binde opp all driten som sprutar opp på bremseskivene, har eg lese. Etter innvendig bilvask av den raske sorten, køyrer eg bilen gjennom vaskehallen nedi bygda. Vaskeprogram med underspyling må vere bra, tenkjer eg, og då rekk eg ein kaffi før sjølve spylejobben tek til. Då me endeleg er samla for å ete dei siste smalahova, kjem diskusjonen rundt bordet fort inn på kva me, i lag med bilen, har vore med på siste året...

Takk for laget i 2008, då, anten du har vore med på biltur eller ikkje. Og nyt jola, for ho varer pinadø ikkje til påske!
God jul, med ønske om flere gode bloggposter også neste år!
SvarSlettJeg vil lese de med interesse (nesten) uavhengig av hva de handler om.
Sjølv takk for laget og for morosame og flotte blogginnlegg. Turskildringa frå Store Skagastølstind i haust var særleg underholdande lesnad. Den gav inspirasjon til å planlegge turar i Hurrungane til sommaren. Om vi vågar oss på Storen veit eg no ikkje (har prøvd før), men kanskje du blir med på skitur på Store Ringstind i april/mai? Ei god jul og eit godt nyttår i vente til dykk!
SvarSlettSkitnesundag er eit velkjend omgrep også på Sunnmøre, trass i at eg aldri har ete smalahove.
SvarSlettEg håpar jula så langt har vore god, og ser fram til fleire lunsjsamtalar og bloggpostar i 2009.