Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 29. desember 2008

Heimejol

Det tok litt tid i år før det vart skikkeleg skiføre, men i jola har parkeringsplassen på Kleppa pinadø vore full att. Alle aldrar, ambisjonar og aktivitetar har vore representerte i skiløypa, og løypenettet på Øvstestølen er hermed kåra til den mest sosiale arenaen i bygda. –Må du stogge for å prate med alle, då? Yngstesonen oppgjeven over tyting om trening, skismurning, Tour de Ski, den britiske dramaserien Cranford, siste nytt om israelske åtak på palestinske område på Gazastripa, løysinga på gårsdagens Julenøtter (eit kjekt program som eg aldri rekk å få med meg!) – og nye målingar om kva fogderistrid(ane) har å seie for utviklinga i Sogn og Fjordane. Berre ordet gjer meg nærast kvalm... –Nei, du har rett, slær eg fast, frå no av seier me berre 'hei', hæ? –Ja, bra!

Etter fleire æh, sosiale dagar på ski, er det til gangs fint å oppsøkje dei finfine langrennsløypene på eit tidspunkt nesten ingen andre er der. Uansett om ein planlegg å delta i skirenn eller om ein brukar skia for å halde seg i form, er det viktig å beherske ski og teknikk slik at ein får størst mogleg glede av turane, må vite. Difor tidleg opp sundag for å trene – utan å måtte stogge. Midtvegs ute i tredjerunden, litt over kl. 09.30, slit ei oransjeraud sol seg såvidt opp over Fresvikbreen på andre sida av fjorden.

Så vert det ein stogg likevel. Ikkje for å prate, nei, men for å lene seg på stavane og ta inn soloppgangen midt i økta. Laaange skuggar buktar seg bortover utanfor løypa, og eg knipsar trasèen med tomegapixeltelefonen. –Nei, vidare! No med tankane festa til Kristen Aaby sine tips for dei fyrste skiturane til lesarar av bladet Kondis. To hovudfaktorar tel; god teknikk og gode ski. –Det viktigaste i starten er å gå roleg, veldig roleg, seier han. –Difor er det ein føremon å gå dei fyrste skiturane åleine. Jau, eg veit så vel, for konkurranseinstinktet gjer at me gjerne har lett for å mase einannan opp utan å tenkje på teknikken når me går i flokk.

–Hugs; ikkje springe oppå skia med høge skuldrer, men finne roen og gli på skia, held han fram. Hm, nett det med å gå roleg er eg iallfall med på, merkar eg, for balansen tillet ratt ikkje noko anna. Og så langt i jola har den andre faktoren lete seg løyse med tynne lag Swix VR50 under skia. Greitt slik.
Etter lang skiøkt ber det heim til førebuing av stor fellesmiddag og kjekke aktivitetar som høyrer jola til – og som gjer at det heller ikkje i kveld vert høve til å konkurrere i stova om å vere best på Roald Øyen sin faste jolequiz...

2 kommentarer:

  1. Ring out, wild bells, to the wild sky,
    The flying cloud, the frosty light;
    The year is dying in the night;
    Ring out, wild bells, and let him die.

    Ring out the old, ring in the new,
    Ring, happy bells, across the snow:
    The year is going, let him go;
    Ring out the false, ring in the true.

    Ring out the grief that saps the mind,
    For those that here we see no more,
    Ring out the feud of rich and poor,
    Ring in redress to all mankind.

    Ring out a slowly dying cause,
    And ancient forms of party strife;
    Ring in the nobler modes of life,
    With sweeter manners, purer laws.

    Ring out the want, the care, the sin,
    The faithless coldness of the times;
    Ring out, ring out thy mournful rhymes,
    But ring the fuller minstrel in.

    Ring out false pride in place and blood,
    The civic slander and the spite;
    Ring in the love of truth and right,
    Ring in the common love of good.

    Ring out old shapes of foul disease,
    Ring out the narrowing lust of gold;
    Ring out the thousand wars of old,
    Ring in the thousand years of peace.

    Ring in the valiant man and free,
    The larger heart, the kindlier hand;
    Ring out the darkness of the land,
    Ring in the Christ that is to be.

    Ring Out, Wild Bells er eit vakkert nyttårsdikt av Alfred Lord Tennyson (1850). Trur du har fått det i ein epost før, men no altså lagt til bloggen din òg. Godt nyttår til dykk! And keep on bloggin' in a free world!

    SvarSlett
  2. Det tok lang tid før eg svara, men no, endeleg. For eg var ein av dei du måtte stoppe og prate med på Øvstestølen i romjula - hyggeleg det - at du tek deg tid til slik! Son din, han Krister, er ein trivleg gut. Han var viljug til å bytte pianotime med Trygve slik at minsteguten vår fekk det litt mindre travelt med å kaste innpå middag etter spelinga på ved mot ski på Kleppa! Takk for det!
    Sidan romjula er det ein ting som har dominert: Krigen i Gaza. For ei veke sidan - om lag då "legane våre" kom tilbake såg eg på Dagsrevyen (det gjer eg sjeldan). Frp formannen kritiserte Matz Gilbert for å drive propaganda mellom operasjonane på sjukehuset i Gaza. Neste innslag var om Eivind Reiten sin sluttpakke på 17 millionar. Frp kommenterte ikkje den, mens Per Kristian Foss kritiserte leiarane av AP, SV og SP for å kritisere Reitens sluttpakke. Reiten hadde jo skapt store verdiar i Hydro. Kontrasten mellom innslaga var slåande. Dersom det vert regjeringsskifte i haust emigrerar eg!
    Eivind

    SvarSlett