Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

onsdag 25. februar 2009

Søre Ål-runden - rapport frå eit seedingsrenn

Kjensla kvelden før er kjend, sjølv om det, som far min har peikt på, er nokre år sidan eg sist stilte med startnummer i eit langrenn. Diskusjon i smørjebua på hotellet. Fyrst om matinntaket veka før rennet, så om bunkring av saltvassløysing og karbohydratar i skrotten døgeret før start og til slutt om trongen for skikkeleg svevn siste natta. Temaet framskundar oppbrotet. Med nypreppa ski under armen tuslar me på rommet. Søre Ål-runden er eitt av seedingsrenna for Birkebeinarrennet. Løypa er på dryge 40 km, veit me, etter at arrangøren i 2007 gjorde fleire utbetringar av den opphavlege traseen. Start og mål er på Flugsrudjordet rett sør for Lillehammer sentrum. Herifrå går løypa i flott skogsterreng i Søre Ål-marka over mot Lismarka og Brøttum. Lange, slake diagonalbakkar i kombinasjon med meir travle springeparti og skarpe utforkøyringar skal gjere løypetraseen perfekt for pleie og testing av forma ein månad før Birken. Med startnummer 183 startar eg i pulje 2. Romkameraten kjem i pulja bak.

Startskotet går og eg summerer opp: God gli og brukbart feste på skia, kroppen såvidt over forkjølingskneika, jotakk, og i mølja av ski, stavar og travle likesinna slær eg fast at dette iallfall vert eh, interessant... Me får drikke og bananer etter 10, 22 og 30 km. Eg har bestemt meg for berre å ta inn det eg greier ete og drikke i fart. Ein stoggar ikkje i skirenn, må vite! Fyrste mila er langt meir krevjande enn eg har greidd å lese ut frå løypeprofilen på nettet. Bratte motbakkar, få kvileparti. Løypa buktar seg deretter av garde i lett kupert terreng over myrer, mellom små vatn og i vakker, snødekt granskog. Før den andre drikkestasjonen når løypa sitt høgste punkt, og no kjenner eg betre att det memorerte løypekartet og -profilen i høve traseen me går i. Ei mor i raud Swix-dunjakke smiler til meg når ho rekkjer meg eit plastkrus med Maxim-drykk. Dottera peikar på han som nektar å stogge heilt opp, og ropar: -Trur du dem er slitne, ell? Eg prøver å få alt ned i ein slurk, og hiv etter pusten då eg kastar koppen frå meg og ropar takk tilbake. Takk for serveringa, tenkjer eg etterpå, slett ikkje ein ironisk takk for spørsmålet hennar - for det var truleg heilt på sin plass...

Frå om lag 25 til 35 km kjem lange, flate parti for dobbeltak. Det er umogleg å ikkje kjefte på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Eg tolkar det elles som eit godt teikn at eg irriterer meg over løypemannskapet som ikkje har kasta på nok snø to stader der løypa kryssar ein skogsveg. Eg fryktar at strukturen under skia skal få rundjuling av sandkorna som er virvla opp i sporet - ergo er eg ikkje heilt likegyldig der eg pressar vidare heilt oppunder den 'anaerobe terskelen'. Eg har prøvd å drive litt terskeltrening med høg intensitet. Då jobbar kroppen like under og på den intensiteten der kroppen sin produksjon av mjølkesyre overstig evna kroppen har til å eliminere ho. Akkurat under terskelen unngår ein opphoping av laktat i muskulaturen, heiter det seg, og det er å håpe det beste så lenge som råd er...

Klokka fortel meg at eg har pressa i over to timar no, og løypa har for lengst snudd nordover att. Då ho slepper seg ned i ein frisk utforbakke, kjenner eg brått att terrenget der me testa ski i dag tidleg. Attende på Flugsrudjordet går løypa i lange sløyfer før eg endeleg stakar forbi målseglet. Jækla irriterande at startnummer 202, som eg har sett både framføre og bak meg undervegs, slær meg i spurten, men akkurat det treng jo aldri nokon få vite... På parkeringsplassen bestemmer eg meg for å sende heim eit sjølvportrett og skryte av plasseringa mi. Ein splitter ny skismurning er premien for å vere inne blant den beste tredjedelen i klasse M36-40. Huhei, og så vert arbeidsdagane til veka truleg nytta til hyppig oppdatering av seedingsida til rennet med stor førebokstav...

4 kommentarer:

  1. Grattis. Eg tykte du var litt ekstra lystig i humøret då eg traff deg i gangen på mandag... No fell brikkane på plass. ;) Kva pulje hamnar du i i Birken då då?

    SvarSlett
  2. Gratulerer med et bra løp på Lillehammer i helga! Du må huske på at totalvinneren i rennet, Øyvind Viken, har vært veldig sterk i mange år nå. Drøye 27 minutter bak en potensiell klassevinner i Birkebeineren er veldig bra som debutant. Håper formen holder og at du får en startpulje som matcher farten din. Forresten veldig gøy å lese alt du skriver om ski og trening! Hils.

    SvarSlett
  3. God beskrivelse av løpet. Det virka som du hadde ein god opplevelse heile vegen. Det må vera heilt konge.

    SvarSlett
  4. Takk for kjekke kommentarar - her får ein pleie egoet sitt som best ein kan, ja, hehe! Det var i alle høve veldig moro å gå langrenn på Lillehammer. Og ja: Det var nesten like kjekt å skrive nokre avsnitt om opplevinga etterpå. Fint å tenkje gjennom dei dagane og korleis alt gjekk føre seg. Det er no berre slik det er, sjølv om eg veit så vel at bloggen min for tida ber meir preg av å vere ei reinspikka treningsdagbok enn ein oppegåande blogg om store og små hendingar i samfunnet rundt oss… Vel, alt til si tid? Når eg fyrst har tona så høgt at seedinga til Birken er viktig for meg, var eg både heldig og flink på Søre Ål-rennet: Seedingtabellane fortel meg at eg nett no ligg an til startpulje 3(!), så dette var no i overkant. Meir om dette når puljeinndelinga er stadfesta. Talast!

    SvarSlett