Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

torsdag 20. mars 2008

Skjærtorsdag = Bjønnarennet

- Kjenner meg framleis blytung etter Birken. Merka jo det på treningsturen i dag, men jamen trur eg at eg melder meg på Bjønnarennet i morgon likevel. Huskona sitt initiativ er ikkje direkte overraskande. Nettopp Birken synte at ho slett ikkje er i så verst form for mosjonist å vere, og sjølv er eg igrunn litt nyfiken på Jostedalen. Dalføret som stadig vert nemnt som 'dalen der dei har lukkast', 'staden der det faktisk er tilflytting for tida', 'bre-/fjellføring og ekstremsport' - og 'bygda der yngre par med småborn, høg utdanning og ambisjonar satsar på å bu og leve'. Og den mest snøsikre staden i fylket. Flott alt det. Og så bra med optimisme og tru på bygda! -Ja, klart me tek turen.

Eldsteson kunngjer tidleg at prioriteringa går i retning av trening med gutelaget Skjærtorsdag. Fotballsesongen står for tur, Bjønnarennet får vere. Yngsteson tykkjer derimot det høyrest kult ut å reise til Breheimsenteret som i innbydinga reklamerer med 2 meter snø. Minst. På nippet til å vilje delta sjølv. -Høyr, kan me ikkje berre vere med og heie, då, for verken Markus, Andreas eller Robin skal? -Jau, heilt greitt. Og; då får eg berre huskona sine to skipar å preppe...

Dalføret er lenge langt og smalt, og me undrar oss over kor lite det tilsynelatande stig innover. Jostedalen går frå kommunesenteret Gaupne i Luster kommune innover mot Jostedalsbreen. Riksveg 604 går langs elva Jostedøla, og endar opp, etter å ha delt seg til fleire sidevegar, ved Breheimsenteret innunder Nigardsbreen. Elva er 50 km lang, og spring ut frå eh, vakre Styggevatn (1157 moh.). Kraftutbygging pregar elva - og kommuneøkonomien. Eg har lese at breen strekkjer seg heilt ned til om lag 330 moh. Hm... me er ikkje høgt over havet, men eg skal seie det er mykje snø her. -Herleg, seier me i kor!

Nok ein gong skapar snøen stemninga. Klimadivisjonen ved Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo har skrive fram moglege vintertilstandar nasjonalt, basert på FNs klimapanel sine scenario globalt. Snøsesongen i denne framtidsmodellen er stuttare over heile fjøla. Ser me på tilstanden i 2071 (då eg er 100 år) finn me at det i ei nord-sør-sone mellom fjordane i Vest-Noreg synest å vere meir enn 80 dagar innskrumpa vinter av det gode, gamle slaget. Eg deler Gudmund Skjeldal sin uro over dette scenariet, som han omtalar i nyeboka si Fallande snø. Og eg vert på ein måte litt i tvil om me gjer rett når me i familien legg vinn på at borna skal dele den store gleda over snø som lavar ned. Og som vert liggjande på bakken fordi det norske klimaet tillet det.

Med sine dryge 2 meter snø som utgangspunkt og god preparering er løypene fyrsteklasses. Sjøl om snøveret gjer sitt til å utfordre skismørjaren monaleg, er me på heimvegen samde om at vèret, føret og heile arrangementet Bjønnarennet har vore nærast perfekt. IL Bjørn kan dette, sler me fast, og gjestfrie vener som tok i mot oss på Breheimsenteret etter målgang gjer at me allereie har ringa av datoen til neste år òg. Løyndomen med Jostedalen har me ikkje heilt funne ut av, men me er på sporet. Og det har me no endeleg tid til å orientere oss nærare om.

Det er iallfall snø her til Bjønnarennet 2009. Men det får halde at eg har lova for allverda å stille til start på Birken...

1 kommentar:

  1. "Skal vi flytte til Jostedalen?" -"Hæ?!" Eg pesar som ein kval etter å ha ramla over målstreken etter 24km i snødrevet. Tre gonger forbi Breheimsenteret, rundt og rundt i startområdet og to gonger forbi 8km-skiltet... Knapt nok halve Birken - og likevel heilt pumpa. Gode ski, ja. Ole Inge, du er ein kløppar til å preppe og smørje ski. Og til å blogge. Du er i utvikling og heng med i tida! Nyfiken og konstruktiv. Du skulle ha hatt ei meir sosial huskone. Jo, eg kunne godt ha budd i Jostedalen med snø nesten heile året og nypreppa løyper. Pusten går litt rolegare no og hovudet er klarare. Ungar som elskar fotball, venner, skule, jobb, huset som vi har blitt så glad i... Poenget er vel det å ha mogelegheita til å kunne gjere sjølvstendige val i livet, sprenge grenser og ta nye utfordringar - som å stille opp på flotte turrenn! MÅG

    SvarSlett