Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 29. mars 2008

Olympisk standpunkt

Olympiaden i antikkens Hellas var ein serie atletiske konkurransar som gjekk føre seg i Olympia, mellom ulike bystatar, frå rundt 775 f.Kr. til 390 e.Kr. I samband med dei olympiske leikane skulle usemjer og krigshandlingar stoggast for å sikre ein fredeleg kappestrid mellom utøvarane - og for at tilskodarar skulle kunne ta seg til og frå idrettsleikane den månaden dei varte.

Men det var det olympiske idealet, då... Det synest å vere lite å sjå til dette framføre sommarens OL i Beijing. I Tibet fer styresmaktene hardt fram mot demonstrantar som protesterer mot kinesisk undertrykking. Dei som sit med makta i Kina undertrykker tibetanarane og dissidentar i eige land på det grovaste. Me anar truleg ikkje omfanget. Samstundes støttar dei Burmajuntaen si grove undertrykking av det burmesiske folket. Og så slit Kina med å forsvare barnearbeid, nedsetjande haldningar overfor kvinner og eg veit ikkje kva.

Dei 27 EU-landa er splitta i synet på korleis dei skal reagere mot Kina, og dei er usamde om kva konsekvensar situasjonen bør få for OL. Det er klart etter EU-toppmøtet i Slovenias hovudstad Ljubljana denne veka. Frankrike sin president, Nicolas Sarkozy, som skal ta over leiinga av EU-formannskapet 1. juli, gjekk denne veka lengst i å tale for ein sportsleg boikott av leikane. Litt overraska der, eg, men bra! Då held det ikkje at dei norske styresmakter kvir seg for å delta i debatten om ein mogleg boikott av Kina-OL. Ved å gå i bresjen for ein brei og real boikott kan me medverke til at verdssamfunnet pressar Kina til å stogge overgrepa i Burma, Kina og Tibet.

Eller kan me eigenleg det? Slikt vert det diskusjon av under vitjing i heimen, gitt. Eller eigenleg mest semje, faktisk. –Det er jo no me har moglegheita for å frigjere desse folkegruppene frå undertrykking og totalt fråvere av demokrati! –Når er neste sjanse til verkeleg å presse Kina på noko så prestisjefylt som eit OL–arrangement? –Ja, kva hjelper det å boikotte opningsseremonien, hæ? –Ja, nei, eh, det vert vel kanskje for puslete.

–Men høyr, spørsmålet er vel om idretten skal lide for storpolitikken? Kva om me hadde boikotta Albertville-OL i 1992 på grunn av franske prøvesprengingar på byrjinga av 90-talet? Kva har ikkje dei leikane gjort for Dæhlie, Ulvang, Skjeldal og eh, den norske sjølvkjensla? For nokre år sidan ville eg garantert ha sagt at ein ikkje bør blande saman idretten og internasjonal politikk. Eg ville spurt om symjetalentet Aleksander Dale Oen og syklisten ’Tour’ Hushovd og fjørlette Susanne Vigene, som set Noreg på verdskartet på ein så framifrå måte, ikkje skal få delta på grunn av brutale regime som i all tid har gjort mykje urett. –OL vert jo så lite i den store samanhengen likevel, og det å øydeleggje for idrettsutøvarane og alle oss som er ivrige frå sofaen er berre tull, ville eg sagt med engasjement. Men nei, no gjeld det faen meg å få sagt i frå!

Måndag denne veka prøvde demonstrantar å sabotere den høgtidlege seremonien i Olympia der den olympiske elden skulle tennast. Anten me vil eller ikkje, er OL blitt ein arena for politisk diskusjon og motsetjingar. Nesten meir det enn eit fredeleg friminutt i ei verd som framleis er prega av usiviliserte konfliktar og dei mest utspekulerte krigshandlingar. Kvar er det elles rett å setje inn støyten i den seige og langvarige kampen for menneskerettane? –Nei, seier eg, sjølvsagt er det ikkje meir enn rett og rimeleg at eit land som skal arrangere OL, i dette tilfellet Kina, skal måtte svare for si handsaming av eigne innbyggjarar. Det gjeld no anten dei bur i Tibet, i andre provinsar eller i Beijing. –Nettopp, for det er heilt uhøyrt at menneskerettar skal trampast på samstundes som verdas fremste og best løna idrettsutøvarar konkurrerer med kvarandre på nybygde og prestisjetunge arenaer! –Kva kunne ikkje pengane vore nytta til?

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og kultur- og idrettsminister Trond Giske har nyleg lova å ta opp Kinas menneskerettsbrot direkte med kinesiske styresmakter. –Aj, men lyttar mektige Kina til desse karane då? Huskona er skeptisk. Støre, ja, jo, men Giske, sa du? –Ja, rett og slett fordi Kina ikkje kan setje seg utanfor den verda landet er ein viktig del av, ropar ein statsvitar med tviiilande røyst frå tannpussen på badet. Og så må Noreg faktisk boikotte OL denne gongen, fyl han kviskrande opp, og kjenner på det ubehagelege i erkjenninga av å ha skifta meining...

1 kommentar:

  1. Støttar deg fullt ut her. Eg meiner norske politikarar er puslete og faktisk meir opptekne av å få bli med på opningsseremonien enn å markera eit tydeleg standpunkt.

    Boikott er eit vanskeleg spørsmål, men eg er heilt ueinig med dei som avfeier det med at det ikkje har nokon verknad og at boikott aldri har verka. Ingen trur at Tibet får att sjølvstendet sitt ved ein boikott. Men Kina får ei alvorleg ripe i lakken og heile det nøye planlagde pr-sirkuset deira blir ramma.

    Kven kan seia at Moskva-leikane i 1980 vart ein suksess? Sovjet trekte seg ikkje ut av Afghanistan, men det var det vel ingen som trudde. Politisk vart det sagt klart frå, og Sovjet fekk ikkje nytta OL til å pynta på eit tvilsamt omdøme. Det bør heller ikkje Kina få høve til.

    SvarSlett