Startskotet går og eg summerer opp: God gli og brukbart feste på skia, kroppen såvidt over forkjølingskneika, jotakk, og i mølja av ski, stavar og travle likesinna slær eg fast at dette iallfall vert eh, interessant... Me får drikke og bananer etter 10, 22 og 30 km. Eg har bestemt meg for berre å ta inn det eg greier ete og drikke i fart. Ein stoggar ikkje i skirenn, må vite! Fyrste mila er langt meir krevjande enn eg har greidd å lese ut frå løypeprofilen på nettet. Bratte motbakkar, få kvileparti. Løypa buktar seg deretter av garde i lett kupert terreng over myrer, mellom små vatn og i vakker, snødekt granskog. Før den andre drikkestasjonen når løypa sitt høgste punkt, og no kjenner eg betre att det memorerte løypekartet og -profilen i høve traseen me går i. Ei mor i raud Swix-dunjakke smiler til meg når ho rekkjer meg eit plastkrus med Maxim-drykk. Dottera peikar på han som nektar å stogge heilt opp, og ropar: -Trur du dem er slitne, ell? Eg prøver å få alt ned i ein slurk, og hiv etter pusten då eg kastar koppen frå meg og ropar takk tilbake. Takk for serveringa, tenkjer eg etterpå, slett ikkje ein ironisk takk for spørsmålet hennar - for det var truleg heilt på sin plass...
Frå om lag 25 til 35 km kjem lange, flate parti for dobbeltak. Det er umogleg å ikkje kjefte på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Eg tolkar det elles som eit godt teikn at eg irriterer meg over løypemannskapet som ikkje har kasta på nok snø to stader der løypa kryssar ein skogsveg. Eg fryktar at strukturen under skia skal få rundjuling av sandkorna som er virvla opp i sporet - ergo er eg ikkje heilt likegyldig der eg pressar vidare heilt oppunder den 'anaerobe terskelen'. Eg har prøvd å drive litt terskeltrening med høg intensitet. Då jobbar kroppen like under og på den intensiteten der kroppen sin produksjon av mjølkesyre overstig evna kroppen har til å eliminere ho. Akkurat under terskelen unngår ein opphoping av laktat i muskulaturen, heiter det seg, og det er å håpe det beste så lenge som råd er...
Klokka fortel meg at eg har pressa i over to timar no, og løypa har for lengst snudd nordover att. Då ho slepper seg ned i ein frisk utforbakke, kjenner eg brått att terrenget der me testa ski i dag tidleg. Attende på Flugsrudjordet går løypa i lange sløyfer før eg endeleg stakar forbi målseglet. Jækla irriterande at startnummer 202, som eg har sett både framføre og bak meg undervegs, slær meg i spurten, men akkurat det treng jo aldri nokon få vite... På parkeringsplassen bestemmer eg meg for å sende heim eit sjølvportrett og skryte av plasseringa mi. Ein splitter ny skismurning er premien for å vere inne blant den beste tredjedelen i klasse M36-40. Huhei, og så vert arbeidsdagane til veka truleg nytta til hyppig oppdatering av seedingsida til rennet med stor førebokstav...