Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

måndag 16. februar 2009

Om å høyre til

Eg trur det er rett at motstridande interesser mellom bygder og grender, kampen for å få sin rettkomne del av kommunekaka (minst!), forklarer mange bygdestridar. Bygdestriden botnar ikkje i (fråvere av ein felles) identitet, men i interessemotsetnader, skriv Jostedalsrypa (11.02.09) i eit blogginnlegg til identitetsdebatten i Luster i Sogn and Fjordane. Fenomenet bygdestrid er det langt fleire meiningar og erfaringar med enn forskingsbasert kunnskap om. Men kan det tenkjast at me somme stader i dag har bygdemotsetnader som heilt enkelt botnar i tradisjonar? Altså noko anna enn dei intense stridane som handlar om nedlegging av skular og lokalisering av kommunen sine nye eldrebustader? Noko meir enn dei stridane som ofte har høgsesong seinhaustes - sidan hausten er budsjettid og budsjettprioriteringar er politikk? Og vil verkeleg ei felles identitetsbygging, med fleire felles lag og organisasjonar i den store kommunen, kome slike tradisjonsbundne bygdestridar til livs?

I bloggposten Sundagsfrukost (30.11.08) slutta eg meg langt på veg til Georg Arnestad sin analysedel i kronikken Ja til fleire bygdekranglar (BT, 23.11.08). For truleg stemmer det at kommunereforma i 1964 må bere mykje av skulda for dagens bygdestridar. Fleire stader på Vestlandet vart dei gamle kommunegrensene nærast forsterka. Kva skulle no vere sentrum og periferi i kommunen? Kva skulle liggje i den indre eller ytre delen, i dei lange dalane eller ved fjorden, på aust- eller vestsida? Generelle rammer også for moderne bygdestrid. Kan hende er ikkje bygdestridar berre eit vonde. Dei som botnar i realpolitisk usemje kan truleg føre med seg ein sunn politisk debatt og mang ein kime til by- og bygdeutviklingsinitiativ lokalt. Men det var etter den erkjenninga eg og Arnestad skilde lag; for mange stader er bygdestrid aller mest eit vonde. Særleg der han kan synast å byggje på tradisjonar og eldgamal uvenskap. –Nei, eg handlar heller i Bergen enn nedi i kommunesenteret, veit du no kva, for DEI skal faan ikkje få ei krone frå meg…

Kva vil eigenleg Simonsen-komitèen (Sogn Avis, 10.02.09) til livs når dei gjer framlegg om at bygde- og grendefokuset i Luster skal tonast ned til fordel for den samlande lustraidentiteten? Bygdestrid som går i arv frå generasjon til generasjon, trass i innflytting og utflytting, høgare utdanning, glokaliserte bygder og eit meir moderne næringsliv? Djuptpløyande bygdemotsetnader som mest av alt botnar i tradisjon og vanetenking? Viss det er slikt dei tenkjer på, tykkjer eg framlegget bør få status som eit sunt debattutgangspunkt. Talar me derimot om interessemotsetnader der talskvinner og -menn med ulike ståstader byggjer opp forståelege og rasjonelle politiske argument (som fleirparten av oss fort ville vere samde i dersom me budde der) for å tale si bygd si sak, så er framlegget straks verre å skjøne. For kampen for å få sin rettkomne del av kommunepotten må vere der i eit levande lokaldemokrati – også i Luster. Politikk er nettopp ein sentral aktivitet innanfor eit sosialt system (statar, kommunar eller andre organisasjonar) som inneber at mål vert sette, prioriteringar ordna, verdiar fordelte og verkemiddel valde. I sitt vesen vil politikk generere motsetnader. Utan strid om mål, verdiar, knappe gode og verkemiddel vil politisk verksemd vere overflødig. Men; utan samarbeid, i alle fall om normer, prosedyrar og demokratiske spelereglar, vil politiske prosessar bryte saman.

Det står strid om den norske bygda, korleis ho skal bli oppfatta og korleis ho skal utvikle seg. Kampen om bygdene si sjel spelar seg ut på ei rekkje felt; i politikken, kulturlivet og i media. I boka Den nye bygda (2008) presenterer Reidar Almås m.fl. dei mest sentrale utfordringane som dei norske bygdesamfunna står framføre. Bidraga ser nærare på endringar i næringslivet og bygda sett frå ulike livsstil- og identitetsperspektiv. Ein oppdatert situasjonsrapport frå den nye norske bygda, empirisk så vel som teoretisk. Det er klart kommuneidentiteten toler at bygde- og grendeidentitetane er sterke! Men på eit (overordna?) nivå trur eg ei sams kjensle av fellesskap, samhald og lojalitet, ja kall no gjerne det òg identitet, til kommunen styrkjer merkjevara Luster. –Det me ikkje finn på bui i Skjolden, kjøper me så klart i Gaupne! Ulikskapar utfyller ofte kvarandre, og bygder med ulike kvalitetar vil til saman kunne dekke ei breidde av behov. Slik ville eg tenkt om eg var Lustrapolitikar. Trur eg.

2 kommentarer:

  1. Innaføringar og utaføringar, ja. Eg trur nok han framleis lever godt i bygdi vår, den striden der. Mellom dei gamle iallfall. Halden i live av oss utaføre – ikkje dei historielause nyinnfløtte innaføringane... Døme? Kjeringafjell! Men fjellet heiter jo frå gamalt Leireggji og høyrer til beiteområda til utaføringane. Men ke staor da pao kartet no, trur du? Hina deg! Og Systrond, du, da var jo da bygdi/kommunen skulle heitt! Nei, no må me sjao te å halda nabni ved like og ikkje finna pao tyleskap i utmarki vaor atte. Elles so e da to typa utaføringar òg; alle utom Eiki, og so kremen; dei so bur vest fø Sandsgrovi... Jau.

    SvarSlett
  2. da va so e skulle ha sagt da sjøl...og da gjorde eg vel og..om ikkje i aor så jaffal i fjor haust :-)
    god å sjå at gamalt graps kan nyttast på nytt. haha

    SvarSlett