Sognekraft As planlegg kraftutbygging med utgangspunkt i vassressursar frå Henjaelvi og Grindselvi: Leikanger kraftverk. I bygda er engasjementet rundt ei felles sak attende. Det er ikkje så lenge sidan sist bygda var delt i for og mot. Og det er i grunnen moro medan det står på. Diskusjonane går. Grannen stoggar meg midtvegs i plenslåtten for å argumentere, fotballgutar meiner sterkt i Syrilbussen heim frå bortekamp og stemninga under grillfesten på verandaen står i fare for å bli øydelagd ein sein nattetime. Eg sluttar ikkje å bli overraska over kor mange som set seg skikkeleg inn i sakene.
..........Sist handla det om plassering av idrettshallen. Foreldre gav seg i kast med opprop i Sogn Avis (sjølv knota eg ned eitt av dei!) for å få hallen plassert ved idrettsbana og barneskulen - og ikkje mellom bankbygg og fylkeshus. Alle kanalar vart nytta for å påverke kommunestyret. I går opna Saften, eller Leikangerhallen som han offisielt heiter. Mellom bankbygg og fylkeshus. Med butikkar, avisredaksjon og flotte trenings- og kulturhusfasilitetar. Sentrum er vitalisert med nybygget, Café Herman og nye utandørs møtestader. I vinter trur eg nærast alle som var på dugnad i hallen opphavleg var motstandarar av han. Bygda står samla - ingen sure miner. Men så har altså kraftutbyggingsplanane kome valsande som ei stor, støyande og skiten anleggsmaskin inn i bygdeidyllen...
..........Etter friidrettskarusellen på idrettsbana førre kvelden byrja foreldre og tilskodarar å diskutere. -Men er du for eller mot? Før debatten var i gang kom spørsmålet. Det er sunt å bli pressa til å ta stilling, men meir interessant er det sjølvsagt når folk fortel
kvifor dei meiner som dei gjer. -Landskap og friluftslivopplevingar heng saman. Dette er gjerne den mest sentrale utfordringa ved den planlagde vasskraftutbygginga, opna eg. -Ei anna er det biologiske mangfaldet, la ein granne til.
..........Leikanger er ein liten kommune med tett busetnad. Mange er flittige brukarar av tilstøytande utmark til fritidsføremål. Båe elvane renn gjennom populære friluftsområde. Henjaelvi ligg særleg strategisk til like ved bustadområde, barneskulen og det daglege trenings- og friluftslivet. Områda vidare innover fjellandskapet er lokalt og regionalt viktige som friluftsområde. Eit seterområde har status som eitt av seks nasjonalt verdfulle kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Nytte skal setjast opp mot kostnad, og ein skal jamen vite kva ein gjer dersom ein vel å endre noko av dette.
..........Om utbygginga var planlagt i eit liknande friluftsområde på Voss, veit eg at det ville vere lettare å vere for. -Herregud, kommunen treng inntektene, kvar ei krone, ville eg kanskje seie. Og med det faderlege opphavet strategisk plassert i energibransjen gjennom 40 år og i kraftpartiet framfor nokon, Ap, like lenge, ville ingen heve augnebrynene over standpunktet.
..........Så, kva skil Leikanger frå Voss? Voss er ein stor kommune med utallige trenings- og friluftsområde som er fullt på høgde med Henjadalen. Enkelt framstilt kan eg fort ramse opp 99 sentrumsnære treningsruter som eg vil behalde der. Så kunne Statkraft, BKK eller Voss Energi fått greie ut nr. hundre til utbyggingsføremål. Leikanger har
ein treningstrasé med eit underlag og eit stigningsforhold som gjer han aktuell for ALLE. Ein tilfeldig onsdagskveld i Henjadalen mellom april og oktober, uansett ver, treffest syklistar, joggarar med iPod på øyret, prategjengar på tur, barnevogner og syklar med støttehjul, pensjonistar med sekk og stokk, meir eller mindre ambisiøse birkebeinarar, unge og eldre med fiskestong og kven som helst med hund i band.
..........Vil me behalde dette fantastiske velferdstilbodet dersom Sognekraft byggjer ut? Vassføringa nedanfor vassinntaka i elva blir redusert med 90%, les me i ei kommunal saksutgreiing. Henjaelvi har fleire parti med grov steinmasse som gjer at elva då vil sjå heilt turrlagt ut. -Godt å sleppe elvasusen, mann, kjem det frå nedre delen av tribuna. Men i Henjadalen vil ei slik utbygging krevje i overkant av 4 km heilt ny veg i tillegg til ei omfattande opprusting og dels omlegging av eksisterande veg inn til Flya. Nokon talar jamvel om oljegrus eller asfalt. Det er planlagt å ta ut 130000 m³ massar ved kraftstasjonen. Fleire store massedeponi vil ruve, det skal byggjast fleire damanlegg og kraftliner skal strekkjast. Korleis vil dette i røynda sjå ut til slutt?
..........Eg er
for utvikling på bygda, og eg tykkjer det høyrest interessant ut med hyttefelt og skiheisar og afterski og nye sosiale relasjonar utvikla ein stad i dei unike og vakre sidedalane i Leikanger. Slike planar kan gje nye lyft i eit kvart bygdesamfunn, og må ikkje avvisast utan vidare. Men når eit kulturlandskap truleg vert dramatisk endra og fullgode alternative trenings- og friluftsmoglegheiter absolutt ikkje finst i heile kommunen, er det umogleg å vere for kraftutbygginga slik ho no er førespegla. Særs usikre inntektsutsikter og mildt sagt uavklara tilhøve rundt framtidig drikkevassforsyning for bygda styrkar standpunktet. Det er mange gode grunnar til å bu og leve i landets
nest beste kommune. Har me råd til å setje ein av dei viktigaste på spel?